Barneombodet vil sparke rektorar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barne- ombodet vil sparke rektorar

Nyleg viste eit felles nasjonalt tilsyn at berre 11 av 129 kontrollerte skular gjekk fri då dei blei kika i korta på om dei har gjort det dei skal for å gi elevane eit godt sosialt miljø på skulen. Ni av ti skuler bryt lova, ifølgje Utdanningsdirektoratet.

No vil assisterande barneombod Knut Haanes ha tøffare reaksjonar mot rektorar som ikkje følgjer lova.

– Rektorar må sparkast frå jobben når dei ikkje leverer eit trygt skulemiljø. Det må få konsekvensar når ein ikkje tek tak i problema og løyser dei innan ein frist, fastslår Knut Haanes til Dagsavisen.

Loveleen Brenna, leiar i FUG, er samd.

– Barna våre er rettslause i skulen. Det verkar som at vi leverer ungane til ein institusjon som utset dei for alvorleg fysisk og psykisk skade. Hadde dette skjedd i heimen, ville barnevernet gripe inn. Når skulen sviktar, skjer det ingenting, seier ho.

– Tala viser at norske kommunar rett og slett ikkje er i stand til å ta vare på barn og unge. Skuleleiarar bør derfor bli tilsette på åremål, seier Haanes. (©NPK)