Kappar og leikar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag braka landskappleiken i Seljord laus. Opningsframsyninga samla fullt hus og skapte god stemning. Men er ikkje festen over før sundag.

Himmelen opna seg onsdagskvelden, men verken store eller små brydde seg. Framsyninga fann stad inne i eit gigantisk kvitt-telt, der det var rigga til ein scene og mange stolar. Det var kamp om dei beste plassane, og når framsyninga byrja var det ikkje nokon sitteplassar att.

Magisk
Opninga byrja med eit verk av Klaus Sandvik kalla «Vek meg», der skulekorpset i Seljord og Flatdal spela saman med juniorspelemannslaget. Tåkeeffektar blanda med skummel musikk fekk alt til å verke magisk, som tatt ut av eit eventyr, der ein for fyrste gong får sjå trollet. Litt ute i stykket blei brudemarsjen frå Seljord spela, noko musikantane meistra godt.

Draktene til skulekorpset må også få skryt, dei var ikkje kjedelege slik skulekorpsuniformer brukar å vere.

Alle utøvarane hadde fargesprakande kostyme som gjorde framsyninga til eit fargesprakande fyrverkeri. Draktene er laga av Mona Haugan og Britt Merete Funner.

Dans, spel og moro
Ein trio spela flotte tonar medan «Telemarkin» laga av Aslaug Vaa blei fortald, spelt og dansa. «Telemarkin» var ein blanding av lyrisk natur og lynne, med røtar i kjærleik.

Kring 40 barn og ungdom opptredde på scena og det såg ut som dei storkosa seg. Det var ikkje så mange gutar med, men dei utmerka seg med flott og spenstig dansing.

Både midt under framsyninga og på slutten fekk utøvarane ståande applaus, noko som var vel fortent.

Offisiell opning
Leiaren for arrangementet Lars Bjaadal og ordførar i Seljord Solveig Sundbø Abrahamsen, opna landskappleiken. Det var klart for den femtiande landskappleiken som skulle gå over fire regnfulle og annleis dagar, i følgje Bjaadal.

– Seljordspelemannslag er meir å samanlikne med ein folkerørsle. Enda gildare er det at fleire av møyane i spelemannslaget har skifta status og fått barn. Søk som deltakar i landskappleiken og folketalet aukar, spøkte Bjaadal.

– Landskappleiken er ein inspirasjon for dei som dansar, syng og dei som fremjar folkeleg kultur, meiner han.

– Me seljordinga er så venesæle og blide berre gjestane legg igjen litt pengar. Alt skal brukast til å fremje både landskappleikane og miljøet rundt, smiler Bjaadal.

Det var ca 400 dugnadsviljuge med på å gjere klart til landskappleiken i år.

– Eg er stolt over å vere ordførar i ei slik bygd med så mange som hjelper til. Eg håpar dykk får sjå og føle at Seljord er ein god arrangør, smiler Sundbø Abrahamsen.

Feledeltakar
Silje Østensen (13 år) frå Seljord skal delta i klasse C med fela si for fyrste gang. Ho var også med på dansen i «Telemarkin» på opningsseremonien.

– Det var kjempemoro å opptre på scena, men det var litt skummelt sidan det var så mange her, smiler Silje.

Østensen har øvd sidan hausten, både på «Telemarkin» og på å spele fele.

– Eg har øvd veldig mykje og nå som det har blitt sommarferie har eg øvd frå dag til natt, fortel Silje.

På Torsdag var ho i elden, då var det lagspel som stod på programmet.

– Det er spesielt moro å få vere med på landskappleiken sidan den er i Seljord, seier Silje.

Kappleiksfolk – høgt og lågt
Landskappleiken samlar menneske frå land og strand i ein stor folkefest. Sjølv om vêret dempar stemninga, er humøret langt frå nedstemt.

Frå gamalt av har spelemannskonkurransar hatt ein stor plass hos menneske rundt om i bygde-Noreg, særleg ved marknadsplassane og kyrkjene. Den fyrste offisielle kappleiken blei heldt i 1888 i Bø i Telemark, og sidan 1923 har landskappleiken blitt heldt annankvart år. Frå og med 1996 blei det bestemt at folkefesten skulle avhaldast kvart år. Då som no, er framleis landskappleiken arena for ein stor folkefest.

Vest-Telemark Blad tok turen innom landskappleikscampen torsdags formiddag for å ta temperaturen på campgjestene. Ved fyrste augekast verka campen svært stille og roleg, men mellom campingvogner og telt stakk nokre hovud seg fram.

Vêret var ikkje akkurat pent; tåka kraup nedover fjellsidene og himmelen var full av grå skyer som truga med regn.

Fleire av dei bladfyken snakka med nemnte regnet som eit skjer i landskappleiklykka. Men tankane på vêret blei nok fort kompensert av opningsframsyninga onsdag kveld.

– Opninga var heilt fantastisk, og så flotte drakter dei hadde på seg, seier Bodil Opdahl Steinfinnsbø som saman med mannen sin, Oddmar Steinfinnsbø, dansar for Heidal spel- og dansarlag.

Oddmar seier seg einig med kona, og meiner dei unge dansarane må ha øva ganske lenge.

– Fasilitetane her på campen er også kjempe bra, seier Bodil.

Bladfyken pratar vidare med folket om den store kongepokalen, då endå ein mann kjem springande til.

– Eg trur det blir Ola Vollen, bryt han ut mens han ler.

– Ikkje høyr på han, han bare tullar. Det er han sjølv, ler Bodil.

Humøret er på topp blant folket på campen, ingen kan nekte for det.

Landskappleiken for alle
Ved ei campingvogn står to familiar, der båe store og små er representert Av desse skal to jenter delta på kappleiken; Ragnhild Hefte på fele og Solveig Jorde som dansar for Hallingdal juniorspelemannslag.

– Me andre er bare støttespelarar for jentene, seier mor Jorde.

Når familien skal vere støtteapparat, må også Ronja, familiehunden til Hefte, vere med. Jentene sett nok pris på god hjelp når dei skal opptre for så mange menneske.

Medan nokon stressar med å få opp telt og lavvoar i ei fart før regnet tar dei, stressar andre med å få øvd på repertoaret sitt.

Derimot er det ikkje alle som let seg stresse like mykje av landskappleiken. Astrid Jorde og Sara Lovise Peruga, er nokre av dei. Astrid har tatt med seg sykkel til kappleiken og Sara Lovise går saman med ho på campområdet. Jentene stiller seg meir enn villig opp til å bli teke bilde av.

– Eg har fine fletter eg, seier Sara Lovise mens ho viftar på flettene sine.

Sjølv om vêret ikkje er av det beste og dempar stemninga, kan ein ikkje seie at det er noko som dempar humøret på dei feststemte i kappleikscampen.

LES SAKA I VTB.NO!