Får i dag, 1, juli, gjeld nye reglar for prikkbelastning i trafikken. Ferske førarar vil no få dobbelt så mange prikkar som andre.

Mariann Skau/Sogn Avis
Mariann Skau/Sogn Avis
Faktaboks

Får 1. juli gjev også dette prikkbelastning:
•For liten avstand til køyretøyet som køyrer framfor.
•Køyring i sperreområde.
•Køyring med ulovleg trimma motorsykkel/moped.
•Manglande sikring av passasjerar under 15 år.
•Manglande bruk av personleg verneutstyr.

LES FAKTALUKK FAKTA

Prikkbelastningsordninga vart innført i 2004. I dag vert ordninga skjerpa. Førarar i prøvetida får no dobbelt så mange prikkar som den auka belastninga for andre. Sjåførar som har hatt førarkort i klasse B i mindre enn to år samanhengande, vil dermed tapa førarretten alt andre gong dei får prikkar, opplyser politiet.

– Det er diverre altfor mange unge som er involverte i trafikkulukker. Dersom dei får ei ekstra påminning gjennom dei nye reglane, er det svært positivt, seier Johnny Jansen, koordinator for trafikk i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Tal frå Transportøkonomisk institutt (TØI) viser at bilførarar i alderen 18–20 år har ti gonger så høg dødsrisiko som bilførarar i alderen 35–64 år.

Nytt utstyr i bilane
Men også for erfarne førar vert ordninga strengare. For det som tidlegare gav to prikkar, vil ein no få tre prikkar, medan éin prikk aukar til to.

Får ein sjåfør åtte prikkar eller meir i løpet av tre år, mister han førarretten for seks månader.

Til no har berre eit fåtal av dei som har åtte prikkar eller meir faktisk mista førarretten. Ifølgje politiet er hovudårsaka manglande teknisk utstyr for direkte tilgang til prikkregisteret frå politibilane. Ifølgje politiet kjem no slikt utstyr på plass.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

ANNONSE