Svakt hjarte med sterk livsgneist

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Første delen av boka handlar om snart 14 år gamle Amanda før ho får vita at ho er sjuk. Vi møter ei aktiv og livsglad jente som merkar at både kropp og sinn forandrar seg. Ei tenåringsjente som er oppteken av utsjånad og pupper, og som er stormande forelska i David, den nye guten i klassen.

Akkurat når ho byrjar å få kontakt med David, blir Amanda alvorleg sjuk.

Det finaste og det fælaste
– Historia er lagt til brytingstida der Amanda er på veg inn i ungdomstida og vaksenlivet. Når verda er i ferd med å opna seg, får ho seg ein kraftig trøkk. Slik sett er det ei historie om det aller finaste og det aller fælaste på same tid. Ingenting er så vakkert som forelsking og kjærleik, medan det vel knappast finst noko så fælt som ein dødeleg sjukdom, seier forfattar Alf Kjetil Walgermo.

Etter at Amanda får vita at ho treng eit nytt hjarte for å leva vidare, blir vi med Amanda på ei indre reise. Mykje handlar om tankane ho gjer seg medan ho ventar på eit nytt hjarte.

– Viktige tema
Å skriva om slike store spørsmål for ungdom er krevjande, men Walgermo meiner det er viktig.

– Eg har lyst til at ungdom skal få den type spørsmål å jobba med i litteraturen, og eg trur dei er svært mottakelege for det. Ungdom tenkjer ofte mykje meir enn mange trur. Det å reflektera over eksistensielle spørsmål er ikkje noko som berre er øyremerkt vaksne.

Han minner om at det i den skandinaviske barne- og ungdomslitteraturen er lang tradisjon for å ta opp store tema i livet, ikkje minst med Astrid Lindgren, som nokså tidleg viste at det går an å skriva om død for barn og unge.

– Men det gjeld å gje ungdom gode inngangar når dei skal lesa om denne typen problemstillingar, understrekar Walgermo.

Han har difor lagt vekt på at boka ikkje skal vera ei rein sjukdomshistorie.  

– Eg har vore veldig bevisst på at boka skal vera spennande å lesa. Boka er først og fremst ein kjærleiksroman der lesaren får med dei litt større spørsmåla på kjøpet.  

Eiga heimbygd
Handlinga i romanen er lagt til hans eiga barndomsbygd, Sjøholt på Sunnmøre.

– Eg seier ikkje direkte at det er her, men eg brukar denne bygda som ramme for forteljinga. Sjølv om boka er ei oppdikta historie, var det viktig for meg å skriva med utgangspunkt i eit miljø eg kjenner godt. Det gjer det lettare å vera tett på og skapa ei realistisk ramme for forteljinga.

For at historia skulle bli så truverdig som mogleg, har Walgermo dessutan snakka mykje med ei jente som sjølv er hjartetransplantert to gonger, og som no lever med sitt tredje hjarte. Hjartelegar ved Rikshospitalet har også kome med innspel.

I arbeidet med boka oppdaga Walgermo at han sjølv har ein lekkasje i hjarte, men han understrekar at dette ikkje er noko dramatisk.

– Det er ikkje slik at eg er hjartesjuk. Det er ein lekkasje som svært mange har, men det sette i gang ein del tankar, seier Walgermo, som sjølv hadde ein farfar som døydde av hjartesvikt.

Overveldande respons
Sjølv om boka berre så vidt har nådd bokhandlarane, har forfattaren alt fått mange gode tilbakemeldingar både frå inn- og utland.

– Responsen har vore heilt overveldande, fortel forfattaren. Blant anna skreiv ei 15 år gammal jente på bloggen sin at «Mitt bankande hjarte» var den beste norske boka ho hadde lese. Og at ho no definitivt skulle bli organdonor.

– Å skriva fram eit truverdig portrett av ei jente i den alderen var for meg noko av det mest utfordrande eg kunne gjera som forfattar. Difor er det utruleg kjekt at jenter som les boka, opplever at dette er noko dei kjenner seg att i.

Også pasientar som sjølve har transplantert hjarte har teke kontakt. Det same har Landsforeningen for hjerte- og lungesyke, som ønskjer å bruka boka i arbeidet sitt.

Boka har også blitt lagt merke til i utlandet. Så langt har ei rekkje forlag i tjue ulike land sagt seg interesserte.

– Korleis forklarer du den store interessa ?

– Eg trur kanskje ikkje hjartet som fysisk organ har vore skrive om før for barn og ungdom. Det finst mange bøker om kjærleik og forelsking. Hjartet er eit velbrukt symbol, men eg har prøvd å henta hjartet tilbake til brystet og kroppen og skriva om det både som eit fysisk organ og eit symbol for kjærleik. Kanskje det er det som appellerer, seier han.

Walgermo minner i tillegg om at det er langt fleire som døyr av hjarteproblem, enn til dømes kreft, og at det difor er eit tema som er aktuelt for svært mange, anten i nær familie eller slekta.

Tru på livet
– Kva ønskjer du at lesaren skal sitja att med etter å ha lese boka?

– For oss som ikkje har ein alvorleg sjukdom, er det så sjølvsagt at vi har det bra, men det trur eg vi skal vera svært takksame for. Vi må ikkje ta livet for gjeve.

Samtidig er det svært oppmuntrande å sjå at personar som har vore nær døden eller har ein alvorleg sjukdom, kan ha ein sterk livsgneist. Eg håpar at livspulsen også kan skina gjennom i boka. At lesaren får tru på livet og tru på kjærleiken, seier Alf Kjetil Walgermo. (©NPK)