Ung partileiar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I februar fekk ho tilbod av dåverande leiar i Suldal Høgre, Rainer Speth, om å ta over som partileiar.

— Eg tenkte; kvifor ikkje? Eg visste kor eg stod politisk, og så passa det fint når eg skulle ha eitt friår etter vidaregåande. Eg trur eg har lært og vokse mykje på dette, fortel 19- åringen som meiner det er bra å engasjera seg samfunnet som ein er ein del av.

— Folk engasjerer seg på ulike måtar. Somme vel idrettslaget, ungdomslaget eller kulturen. Men eg følte for å engasjera meg i politikken. Det var der eg ville bidra, seier partileiaren som likevel synest det er morosamt at ho som nittenåring leiar møte for eldre, erfarne menn.

Talerøyr for unge
Nyleg sat ho og nokre venninner på Fargeriet då Stavanger Aftenblad lurte på kva som avgjorde valet for dei.                  

— Venninnene mine kunne ikkje svara, så då gjekk det opp for meg at her måtte eg gjera noko. Det vart ein rask leksjon før me åt, ler ho, samstundes som ho har forståing for at det ikkje er lett å følgja med på alt som skjer heime når ein har flytta vekk.

LES OGSÅ: Tarjei (18) styrer Fusa Ap

— Då er det kanskje noko anna som opptek deg. Politikk høyrest vakse og alvorleg ut, men eg trur me set oss meir inn i det etter kvart som me nærmar oss 30 år. Då er ein i ein annan livssituasjon med jobb og ungar, og ein får fleire grunnar til å bry seg. Som 19-åring har du berre deg sjølv å tenkja på. Det er jo ikkje så mange på min alder som er politisk aktive, seier sandsjenta. Ho ser på seg sjølv som eit talerøyr for den yngre garde. Med engasjementet sitt, håpar ho at det kan bidra til at folk på sin eigen alder kan sjå poenget ved det å bry seg.

LES SAKA I SULDALSPOSTEN!

— Me er framtida, og då er det viktig at me er med på å forma den i staden for at nokon andre skal gjera det for oss.