Ferdige som filigrans-lærlingar

Førre veke vart lærling seks og sju ferdig med sveinebrevet i filigransarbeidarfaget hjå gullsmedmeister Eli Taugbøl.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ferdige som filigrans- lærlingar

Hausten 2009 starta Anne Line S. Hørtha (20) frå Porsgrunn og Malene Søgnen (19) frå Skien i sylvlære. Dei to kreative jentene hadde gått gull- og sylvarbeid ved Setesdal vidaregåande skule i Valle, og blei tilrådd å spørje om læreplass hos gullsmedmeisteren i Morgedal.

– Eg blei oppmoda om å ta jentene inn som lærlingar, så då var ikkje valet vanskeleg, smiler Eli Taugbøl.

Gullsmeden har hatt fleire lærlingar tidlegare, og dei to jentene frå Grenland blei førre veke lærling seks og sju som fullførte sveineprøva hos Taugbøl.

VTB var innom då jentene var i sluttspurten med arbeidet. Siste finpuss stod att før sensor kom innom og henta produkt og ein skrifteleg rapport førre måndag.

Nytt næringsbygg
Anne Line og Malene er Taugbøls fyrste lærlingar som er utdanna heime på Løkslid. Tidlegare hadde Taugbøl verkstad det som var Olav Bjaalands museum i Morgedal.

– Me bygde næringsbygg knytt til bustaden vår heime på Løkslid. Så Anne Line og Malene har vore mine fyrste «all inclusive»-lærlingar, ler Taugbøl.

LES OGSÅ: – Må fordjupa seg i lærefag frå starten

Ein romsleg verkstad fyller store delar av fyrstehøgda i nybygget, medan i andrehøgda er det laga leilegheit som lærlingane har budd i.

– Det blir null fråvær med ei slik løysing, seier Taugbøl.

Elg og skog
– Korleis var det å flytte langt inn i skogen i Morgedal?

– Me kom frå Valle, som heller ikkje er ein stor plass. Og det blei mange turar på beina og venting på buss oppe ved E134. Men me har opplevd mykje natur og sett mange elgar, og ikkje minst lært veldig mykje her på verkstaden, rosar dei to jentene.

Sidan oppstarten for snart to år sidan har lærlingane gått gjennom alle dei ulike filigransteknikkane, gravering og andre teknikkar ein nyttar i sylvarbeid.

Vil vidare
Neste post for Anne Line er ny læretid i Porsgrunn, der ho tar gullsmedfaget.

– Eg søkte mange ulike stadar, og fekk god hjelp av Eli, smiler 20-åringen.

Malene ynskjer også å halde fram med faget, og kunne godt tenke seg å ta sveinebrev i gullfaget ho også, men ledig plass har ikkje dukka opp enno.

Tevlar
Under husflidstevlinga på Dyrsku’n i Seljord i fjor haust gjorde begge sylvsmedane gode prestasjonar. Anne Line fekk fyrstepremie i sylv-handverkklassa og blei også heidra med årets stimuleringspris på 5.000 kroner for ei nydeleg slangesylje med oksydert og forgylt uttrykk.

Juryen la vekt på at handverkaren hadde god materialforståing, fin teknikk, god estetisk sans og fin tolking av eit tradisjonelt handverk.

Malene fekk også gode resultat på husflidstevlinga med andreplass for sylje og andreplass for hornring.

Nå har jentene plukka ut dei tri produkta dei er mest nøgd med frå det siste året i lære, og sender desse til haustens tevling på Dyrskuplassen.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!