Tenåringar skal sleppe fengsel
Regjeringa vil innføre ein ny straffereaksjon for ungdommar mellom 15 og 18 år.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I staden for fengsel skal kriminelle ungdommar få tett oppfølging for å hindre at dei gjer nye kriminelle handlingar.
– Vi må unngå at dei blir yrkeskriminelle, seier justisminister Knut Storberget (Ap) til NRK.
I staden for fengsel skal unge kriminelle følgjast opp tett i inntil tre år. Dei må stille i møte med offer, foreldre, politi og hjelpeapparat.
– Det er ein heilt ny straffereaksjon, og det er noko vi svært sjeldan innfører i Noreg. Det skal vere ein reaksjon overfor unge brotsmenn mellom 15 og 18 år og skal ende opp i ein ungdomsplan som skal følgjast opp gjennom ein avtale med hjelpeapparatet, seier justisministeren.
I tillegg foreslår regjeringa fleire tiltak som skal hindre at ungdommar blir sett på glattcelle. Kvart år blir minst hundre ungdommar sett i fengsel og minst tusen i politiarrest eller glattcelle her i landet.
– Fengsla blir ofte ein forbrytarskole. Ungdomsstraffa skal vere ein skole for framtida, ein sjanse til å velje seg ei anna «karriere» enn den kriminelle, seier Storberget. (©NPK)