Då Rogaland vart «Judenrein»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Rogaland vart «Juden- rein»

Var årsaka til at alle jødane i Rogaland vart arresterte at politiet der i større grad gjekk inn for oppgåva enn tilfellet var andre stader i landet, og at antisemittismen var sterkare på Sørvestlandet, spør Kjersti Dybvig i si masteroppgåve frå Universitetet i Stavanger. Svaret hennar er langt på veg stadfestande.

Og soga om det som hende med jødane i Rogaland under terrorstyret til nazistane i den andre verdskrigen, er minst like avskyeleg som det ein veit skjedde andre stader.

Forteljinga om det som skjedde med dei vel tjue jødane som budde og verka i Rogaland fram til 1942, har vore gløymd og utviska i 68 år.
Fyrst ein iskald dag i slutten av oktober i fjor vart ein minnestein med 22 namn på avduka på Eiganes gravlund i Stavanger. Med unnatak av nokre få med kipa, var det få av jødisk avstamming i halvsirkelen rundt steinen. Fylkesordførar Tom Tvedt og varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe, bar ein krans mellom seg og gav slik minnestunda det naudsynte offisielle stemplet. Dei kom saman med rabbinar Joav Melchior frå Det mosaiske trussamfunnet i Oslo.

Kjersti Dybvig, som òg var til stades, fortel at andre lokalpolitikarar kom. Men det var nokre ho sakna: Der var ingen representantar frå Rogaland Politikammer – instansen som arresterte jødane 68 år tidlegare

Dei hadde tilknyting
Politikarane sa seg leie for at det tok 68 år før minnesteinen kom på plass, men streka under at no har fylket og byen teke ansvar. For steinen skal for alltid minna om at jødane i Rogaland vart drepne i det same folkemordet som resten av jødane i Europa. Rogaland hadde fått sitt holocaust.

I innskrifta kan ein lesa: «Til minne om jøder som hadde tilknytning til Rogaland».

Det fekk Dybvig til å reagera, «for ordlyden fjernar jødane frå vårt nabolag og vårt ansvars­område. Orda orsakar vår stillteiande deltaking i folkemordet. Dei ekskluderer jødane frå vårt nasjonale ‘vi’ og overlèt dei åleine til sin lagnad.» Samstundes såg ho at David-stjerna mangla.

«Barnet»
Nokon sa at «barnet» skulle koma. Barnet til eit av namna på steinen. Barnet, som vart født i 1942 og adoptert bort berre få månader før mora vart drepen i gasskammeret. Ville «barnet» koma for å vera med på denne spesielle dagen?

«Barnet» kom. Nokon presenterte den vesle kvinna som nærmar seg sytti for Dybvig. Ho skriv i innleiinga:

«Jeg tar henne i hånden. Et numment alvor og en tung hjelpeløshet preger ansiktet hennes når hun peker på navnet Sara Hildur Joseff. En ung kvinne som var født 25. januar 1916, og ble gasset ihjel i Auschwitz 3. mars 1943.

– Det er moren min, sier hun lavmælt.

– Jeg har sett registreringsskjemaet til Sara Hildur Joseff, som hun fylte ut på Berg interneringsleir. Hun skrev at hun var barnløs. Slik reddet hun livet mitt, ved å gi meg bort. Ellers hadde nok mitt navn også stått her.

Så sukker hun så dypt at jeg bare kan ane den avgrunnen av tanker, følelser og spørsmål hun må ha hatt siden hun som sju­åring fikk vite morens skjebne.»

Ho vel å ikkje stå fram.

Ingen brev eller dagbøker
Dybvig har søkt i seks ulike arkiv, tre offentlege og tre private, men har ikkje funne personlege dokument som brev eller dagbøker frå hausten 1942. Registreringsskjema finst for alle, saman med arrestasjonsskjema, innskrivingsskjema i dei norske interneringsleirane og registrering av eignelutene deira. Det finst òg kopi av avhøyr og offisielle brev.

Ho har vidare søkt i politiets vakt- og justisprotokollar og gått gjennom privatarkivet til forfattarane av trebandsverket om Stavangers okkupasjonshistorie (Stahl og Wyller 1962).

Den jødiske innvandringa i Noreg kom frå aust, og i mellomkrigstida var redsla for «bolsjevik-jøden» stor. Synet på kommunistar var nært kopla til antisemittisme og forklarer kvifor austjødar skapte motvilje i det borgarlege Noreg.

Kven var dei?
Dei fyrste jødane vi kjenner til, og som kom til Vestlandet på slutten av 1800-talet, var kramkarar, eller som det heitte i statistikkane: omførselshandlarar. Desse kom ikkje berre med varer, men òg med nyhende og privat post. I 1907 kom ei lov som sette forbod mot at jødar fekk driva som omreisande kramkarar. Dei opna i staden butikk. Den eigenlege soga om jødane i Rogaland byrjar i 1911 med ekteparet Rösi og Julius Fein. Dei opna Berliner Bazaren A/S der dei selde «galanteri, kortevarer, glass, porselen, leketøy, kjøkkenutstyr og toilettartikler». Julius Fein las mykje og vart omtala som «skriftlærd». I bokhylla hans var samla verk av Tolstoj, Wergeland, Ibsen og Bjørnson og mykje jødisk litteratur. Han skreiv artiklar i avisene om politikk og jødiske tilhøve i Europa, var ein populær føredragshaldar og høyrde til det ein kan kalla ein sentraleuropeisk kultur- og daningstradisjon.

Rabinowitz
Den mest kjende jøden frå Rogaland var Moritz Moses Rabinowitz. Om han er det skrive bok, laga film og skodespel. Hausten 1927 starta han konfeksjonsfabrikk i Haugesund og hadde snart eigne butikkar i Haugesund, Stavanger og Kristiansand. Like før krigen hadde han hundre og femti tilsette. Han endra folks haldning til klede og motar. Og han var ein pioner i mark­nadsføring. Med store annonsar i dei tre byane averterte han varene sine og skapte ein marknad som ikkje hadde vore der før. Kleda hans var moderne i snittet, og dei var billege.

Rabinowitz var ein produktiv og aktiv skribent og åtvara alt frå tidleg i 1920-åra mot nazisme og fascisme som var i framvokster i Europa. I 1933 gjekk han til åtak på Hitler i boka Verdenskrisen og vi som han gav ut på eige forlag. I naziaviser i Tyskland vart han framstilt som den verdslege leiaren for jødane i Noreg.

Ikkje til å undrast på, difor, at han var den fyrste jøden som vart arrestert. Han hadde fått fleire tilbod om å flykta, men vegra seg. Dottera var gravid, han var redd for å reisa over havet i liten båt, og han rekna med å greia seg som flyktning i eige land. I vondsinna folkemunne heitte det at han ikkje orka tanken på å reisa frå alle pengane sine.

Det tok Gestapo eit halvt år før dei fekk tak i han. Frå fengslet i Haugesund vart han send til Stav­anger. Der hevdar uklåre kjelder at han freista å gjera sjølvmord, som resulterte i at han knekte eine beinet. Andre trur han vart dytta ned ei trapp. Seinare, i Sachsenhausen, vart ein svært sjuk Rabinowitz tråkka i hel, har medfangen Finn Kleppe fortalt. Kleppe var ein av dei fyrste politimennene i Stavanger som vart arrestert og send til konsentrasjonsleir i Tyskland.

Forbode å vera jøde
Arrestasjonane av dei norske jødane vart planlagde frå fredag 23. oktober for å verta sett i verk klokka seks om morgonen den 26. oktober. Ingen ting om det som skulle skje, måtte leka ut. For å gje operasjonen ein illusjon av legitimitet ut­­arbeidde justisminister Sverre Riisnes ei hastelov som Quisling sanksjonerte straks. Den sa at å vera jøde i Noreg, med eller utan norsk statsborgarskap, var statsfiendsleg og kriminelt. Samstundes signerte ministerpresidenten lova om inndraging av jødiske formuar og eigedomar.

Femten mann frå statspolitiet i Stavanger gjekk til aksjon måndag morgon og halte med seg dei jødiske mannfolka. Seinare fylgde kvinner og born. Dei som ikkje var heime, vart gripne seinare av lokale lensmenn.

I Stavanger var politistyrken for ein stor del skift ut etter at 52 politimenn i januar 1941 skreiv eit brev der dei bad om å få sleppa å motta det nazistiske politibladet. Dei vart bytte ut med folk som hadde «større sans for nyordninga».

Lækjar måtte dei ha
Ein som berga både livet og jobben, var distriktslækjaren i Suldal, Sand, Sauda og Imsland, Abraham Wulf Ramson. Då kom veterinæren og NS-politikaren til unnsetning. Han var ikkje berre ein ven av distriktslækjaren, men òg av Quisling. Den mektige mannen sende brev til Innanriksdepartementet der han gav ordre om at Ramson skulle strykast frå jøderegistret og straks setjast fri.

Då lækjaren kom for å henta eignelutene sine, var dei borte. I staden for det armbandsuret han hadde måtta gje frå seg, fekk han eit lommeur i sølv som hadde tilhøyrt Leo Eitinger, psykiateren som overlevde opphaldet i konsentrasjonsleirane. Ikkje noko er sagt om Eitinger fekk klokka si attende.

Lågkaste
Dybvig har intervjua to politi­menn som arbeidde i politiet under krigen. Ho kallar dei politibetjent 1 og 2. Begge medgjev at jødar vart sedde på som «lågkaste». Politibetjent 1, som var antinazist på sin hals, sa dette om jødearrestasjonane: «Vi så ikke på jødene som andre folk, og vi så på det som skjedde med dem som uunngåelig.» Men han la til: «Vi kan skjemmes».

Dybvig skriv at myten om antisemittismen som eit reint nazistisk fenomen har levd i beste velgåande sidan 1945 og gjer det framleis. Myten eksisterte lenge før den tyske okkupasjonen og nordmenns deltaking i arrestasjonane av jødar.

Dei såkalla kristne kasta bensin på bålet. I 1924 skreiv Israelsmisjonens leiar, Gisle Johnsen, at «det finnes ikke noe folkeslag paa jorden saa maktsykt som jøderne». Og i eit intervju med Fædrelandsvennen i 1935, sa same mann: «Jødene har selv skyld i det som skjer dem. De skal blande seg i alt (…) Jødedommen er ferdig (…)».

No er minnesteinen reist. Etter kritikk mellom anna frå Dybvig er teksten retta. Ordet «tilknytning» er teke bort. Og sist fredag var davidsstjerna på plass.

LES SAKA I DAG OG TID!

Faktaboks

Les meir om Moritz Rabinowitz på Wikipedia!

Denne applikasjonen krever at javascript er slått på.