Enklare å søkja jobb

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka lanserer rekrutteringsbransjen ein felles digital CV-standard, etter initiativ frå fornyingsminister Rigmor Aasrud. No skal det bli slutt på å måtte taste inn same opplysningar om og om att i stadig nye CV-portalar når du søkjer i jobb. To frustrerte innbyggjarar starta det heile.

– Det finst ei grense for kor mange gonger du kan oppretta ny brukarkonto og plotta inn personalia og CV før du føler deg som eit offer for moderne teknologi, skreiv ein frustrert Morten Sæthre i Aftenposten 18.mars i fjor. Han ynskte ein felles CV-standard. Denne iden var òg lansert av Haakon Meland Eriksen i konkurransen ”Eit smartare Noreg” arrangert av Dagens IT.

Dermed inviterte fornyingsminister Rigmor Aasrud sentrale leverandørar av rekrutteringsportaler på nett til eit møte, og utfordra dei til å utvikla ein felles CV-standard for å gjera kvardagen til jobbsøkjarane lettare.

– Gjennomsnittsnordmannen byttar jobb meir enn 10 gonger i livet sitt. Mange av oss sender fleire jobbsøknader for kvart jobbskifte, og me gjer det på nett. Som nyutdanna søkjer òg mange på ekstra mange jobbar. Eg er difor glad for arbeidssøkjarane no kan bruka tid på anna enn å fylla ut den same CVen gong på gong, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud i ei pressemelding.

Leverandørane har no brukt det siste året på å utvikle ”Portable CV”. Dette er eit standard format som gjer at du kan lagra opplysningar frå ein CV i ein rekrutteringsportal, og med eit tastetrykk flytte CVen til ein ny rekrutteringsportal neste gong du søkjer jobb. Store aktørar som WebCruiter, Finn.no, JobbNorge, HR Manager, Lumesse og NAV vil alle ta i bruk den nye standarden i sine arbeidssøkings- og CVsystem.