Siljan mot straumen
Ein av tre fullfører ikkje vidaregåande skule på landsbasis. I Siljan kommune i Telemark fullfører tilnærma alle vidaregåande.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den vesle kommunen på grensa mellom Telemark og Vestfolk sender alle sine elevar på vidaregåande skule i nabokommunane. Heile 96 prosent av Siljan-elevane fullfører vidaregåande skule.
Skulesjef i Siljan, Morten Nystad, meiner ungdom frå Siljan kommune har ein fordel av å kome frå ein liten kommune når dei skal fullføre vidaregåande.
– Ein kan seie mykje rart om å bu i ein liten kommune, men ein av føremonene er at alle kjenner alle. I denne samangengen vil det seie at vi får ein veldig bra og tett oppfølgjings- og rådgjevingsteneste på ungdomsskulen, slik at elevane gjer eit riktig val første gongen. Grunnlaget er lagt i Siljan før dei byrjer på vidargåande skule ein annan stad, seier Nystad til NRK.
Dag Johnsen leier prosjektet «Ny Giv», kor kunnskapsdepartementet fokuserer på å få fleire til å fullføre vidaregåande skule.
– Det verkar som om dei har gode rådgjevarar i Siljan. Det er viktig at rådgjevarar kjenner utdanningssystemet og at dei også kjenner arbeidslivet, slik at dei kan gje elevane råd om å ta utdanningar kor dei også kan få seg jobb i etterkant. Eg trur det er svært motiverande for elevane at dei ser at dei kan få jobb når dei er ferdig med utdanninga, seier Johnsen.
Korleis vil du råde andre skular til å få betre resultat, spør NRK prosjektleiaren.
– Rådgjevarane er viktige og det same er god kompetanse hos lærarane. Det er viktig at dei er i stand til å leggje opp undervisninga på ein så yrkesrelevant måte at elevane ser korleis dei kan bruke det dei lærer på skulen i eit seinare arbeidsliv. Det er nøkkelen til suksess på dette området, slår Johnsen fast i svaret sitt.
Telemark fylkeskommune gler seg over at Siljan lukkast med å gje elevane sine eit godt utgongspunkt for vidare utdanning.
– Det kan vere lettare å gjennomføre tiltak som gjev gode resultat i mindre kommunar enn i større. Prosjektet ”Ny Giv” har sett fokus på nettopp det at ungdomsskulen skal levere gode elevar, derfor synest eg at Siljan skal vere veldig frimodige på korleis dei har lukkast me det, seier Kristian Espeland, leiar av utval for kompetanse i Telemark fylkeskommune.