40 prosent av årsverka i fritidsklubbane er forsvunne dei siste ti åra.

mm
Faktaboks

TI PÅ TOPP
(Årleg totale opningstimar i kommunale fritidssenter per 100 innb. 6-20 år)

Dovre 4463
Hattfjelldal 828,1
Stavanger 736,5
Røst 480
Kåfjord 438,4
Berlevåg 416,7
Dyrøy 398,2
Loppa 397
Lebesby 396,9
Hornindal 393,4

LES FAKTALUKK FAKTA

Det er store forskjellar i fritidstilbodet i kommunane. Heile 74 kommunar har ikkje opne fritidsklubbar i det heile teke.

Ein ny rapport frå Nordlandsforskning teiknar eit dramatisk bilete av situasjonen for fritidsklubbar, ungdomshus og liknande tiltak.

– Det kjem heilt tydeleg fram i rapporten at dette er eit felt som blir nedprioritert av mange politikarar både lokalt og sentralt. Det er ikkje nok ressursar til verken aktivitetar eller god nok bemanning, og tiltaka er under aukande press. Viss regjeringa vel å ikkje gjere noko med utviklinga denne rapporten peikar på, vil det ikkje berre vere eit brot med dei løfta dei har kome med i valkampen, men òg ansvarsfråskriving. Rapporten viser at det er på tide at Audun Lysbakken og Jens Stoltenberg tek nokre grep, seier dagleg leiar i Ungdom & Fritid Pål Isdahl Solberg i ei pressemelding.

Manglande interesse
Rapporten talar eit tydeleg språk om nedprioriteringa av fritidsklubbane:

”Initiativrike ungdomar frustrerer over dei manglande initiativa til kommunen, og manglande interesse i ungdomshuset kan samtidig forståast som ein kommune med manglande interesse for sine eigne ungdomar”, heiter det i rapporten.

Den store variasjonen i kompetanse blant ungdomsarbeidarane er eit gjennomgåande tema i rapporten. Ifølgje rapporten er det stor etterspurnad etter meir kompetanse i sektoren.

Tapt stort dei siste ti åra
Ungdom & Fritid har tidlegare vist til tal frå KOSTRA, som viser at 40 prosent av årsverka i sektoren har forsvunne dei siste ti åra, 20 prosent under den raud-grøne regjeringa. Arbeidarpartiet fokuserte sterkt på at dei skulle opne opp dørene på fritidsklubbane før valet i 2005, men i realiteten har det vorte færre tiltak og ein betydeleg nedgang i talet på årsverk.

Rapporten viser at det er betydelege variasjonar både i kor store ressursar tiltaka får frå kommunen, men òg når det gjeld opningstider og kva for aktivitetar dei har.

– Fritida er ein viktig arena i liva til dei fleste ungdomar, og opne tilbod som fritidsklubbar og ungdomshus er spydspissen i barne- og ungdomsarbeidet til mange kommunar. Vi må fortsetje å stimulere kommunane til å utvikle dette tilbodet slik at born og unge får gode møteplassar som er inkluderande og billeg, seier Audun Lysbakken i ein kommentar til rapporten.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

ANNONSE