Tek sats med datatreff

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aarre og fire andre ungdommar var lei av at å ha eit dårleg datatreff-tilbod på Stord. Løysing? Dei lagar til eit sjølv, på Sagvåg skule.

– Det er mange som driv med dette, men etter at det vart slutt med IPX treffa så vart det ganske keisamt for spelemiljøet på Stord, fortel speleentusiasten.

Ifølgje sekstenåringen har det vore lite liv i miljøet, og når det har vore arrangement, har det mangla ting.

– No har me teke tak i det sjølv, og så får me sjå korleis det er å vera bak rattet, smiler Aarre.
 
Trong pengar
Ungdommane har jobba på for å få til arrangementet. Pengar måtte til, og så litt hjelp frå foreldre.

– Det er ingen av oss som er over 18, så me måtte få hjelp av foreldra våre til å skriva under leigekontrakt, seier Aarre.

LES OGSÅ: Knuser mytar om dataspeling

No har dei komme i hamn med alt, men det vart mykje organisering.

– Me måtte skaffa sponsor for å få dekka utgifter til leige, internett og straum, me har komme i hamn med det, seier han.

– Kva er eigentleg eit datatreff, eller LAN, som du kallar det?

– Det er rett og slett mange som kjem samen og spelar dataspel. På LAN-et i helga skal me ha konkurransar i førstepersons skytespel (FPS), og så kan ein spela multispelar-spel (MMO), utanom. Det vert og premiar, fristar Aarre.

Han har med seg Emil Tranøy Aasheim (15), Kenneth Hauge Skålevik (16), Erik Skår Nylund (15) og Eirik Sætrevik (15) for å laga treffet.

Speleparate
Gutane har førebudd seg godt og håpar no at oppmøte vert godt. Det hjelp gjerne at dei er erfarne spelarar, det ligg i namnet dei har vald seg «Paratus», latin for equipped eller erfaren.

– Det brukar i alle fall komma mykje folk når det er slike tilstellingar, seier Aarre.

LES OGSÅ: Framtida står på spel

Han håper internettkapasiteten vert utnytta maksimalt i helga, når det skal kjempast om speleæra.

– Som regel har me sete i våre eigne små kjellarstover og halde på med dette. Det skal bli kjekt no å få spela med mange, seier han.

Datatreffet går føre seg på Sagvåg skule komande helg og skal vara heile helga.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!