Juryen på 200 niendeklassinger har talt: beste ungdomsboka i 2010 er ”Fittekvote”.

mm
Faktaboks

Dei nominerte til UPrisen:
• Hilde Hagerup: Alt som er gale med Georg. Aschehoug
• Axel Hellstenius og Morten Skårdal: Fittekvote. Cappelen Damm
• Sigbjørn Mostue: Den siste magiker. Cappelen Damm
• Tor Arve Røssland: Svarte-Mathilda. Samlaget
• Arne Svingen og Christoffer Grav: Med eigne auge. Cappelen Damm

LES FAKTALUKK FAKTA

Axel Hellstenius og Morten Skårdal fekk utdelt Uprisen – Årets ungdomsbok 2010 på litteraturfestivalen på Lillehammer.

Sondre Styve frå Øyer ungdomskole og Sandra Salangli frå Skibotn skole delte ut prisen:

”Boka blir aldri kjedeleg. […] Det er høgdepunkt gjennom heile boka, og det toppar seg i ein uventa og dramatisk slutt. Boka klarar verkeleg å halde på ungdomslesere gjennom heile boka. Vi har ikkje lese noko liknande før. Og både gutar og jenter likar vinnerboka.”

Glade vinnarar
Hellstenius og Skårdal uttrykte begeistring då dei mottok prisen.

– Tusen, tusen, tusen takk! Vi set mergeleg pris på dette. Det er eit eventyr! sa dei takksame forfattarane.

LES OGSÅ: – Må bli meir kommers

Forfatterduoen mottok eit trykk av Pøbel. Dei vil òg få ei viktig rolle under neste års litteraturfestival.

– Uprisen styrkjer eit lesande fellesskap. No sit elevane i friminuttene og snakkar engasjert om bøker, seier "jurylærar" Hilchen Sundby ved Øyer ungdomsskole.

Viktig pris
I tre månader har juryen lese og diskutert dei fem nominerte titlane.

– Uprisen er ein viktig pris. Vaksne meiner mykje om kva ungdom bør lese og kva dei likar å lese, men med Uprisen får vi vita kva dei sjølv likar. Uprisen er ungdomen si eiga stemme i det litterære ordskiftet, seier påtroppande leiar i Foreningen !les Wanda Voldner.

LES SISTE BOK-NYTT HER!

– Uprisen viser òg at ungdom er reflekterte og kritiske lesarar. Dei ynskjer kvalitet, men har sjølvsagt sine eigne kriterium for kva litterær kvalitet er.

Niendeklassene frå følgjande skular sat i juryen: Kinsarvik skule (Hordaland), Sagene skole (Oslo), Kongerød skole (Telemark), Skibotn skole (Troms), Hvaler ungdomsskole (Østfold), Ottestad ungdomsskole (Hedmark), Øyer ungdomsskole (Oppland), Egge ungdomsskole (Nord-Trøndelag).

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE