Terrorstat med atombombe

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Terrorstat med atom- bombe

SAKPROSA
Bruce Riedel:
Deadly Embrace. Pakistan, America, and the Future of the Global Jihad
Brookings Institution Press

Slik er det i Pakistan: Laskhar-e-Tayyiba (LeT) er ein terrororganisasjon som har treningsleirar over store delar av Pakistan. Gruppa vert stødd av ISI, den militære etterretninga i Pakistan. LeT har òg forgreiningar til pakistansk Taliban – som òg får stønad av ISI – og som igjen har forgreiningar til Al-Qaida og Taliban i Afghani­stan, som i sin tur igjen har fått og får støtte av ISI og store delar av den pakistanske eliten.

Kvar terroren sluttar og den pakistanske staten byrjar, er i praksis uråd å svara på. Pakistan er tvillaust det farlegaste landet i verda og det landet i verda som raskast byggjer nye atombomber. Som Bruce Riedel, rådgjevarar til fire presidentar om Pakistan og global jihad, skriv: «Før eller seinare vil eit Pakistan-basert terroråtak på India føra til domedag.»

I november 2008 gjekk ei LeT-gruppe frå Karachi til åtak på Mumbai; dei hadde mellom anna sett seg ut eit hotell som var kjent for å ha mange jødiske gjester. Mannen som hadde gjort det meste av rekognoseringa for LeT, var amerikanaren David Coleman Headly, som hadde skift namn frå Daood Sayed Gilani for såleis å kunna reisa friare. Han sa i avhøyr at ISI hadde gjeve han 25.000 dollar for å etablera seg i Mumbai, at han i tillegg hadde fått etterretningstrening, at han var beden om å kartleggja eit indisk atomanlegg for eit mogeleg åtak, og at ISA hadde full oversyn over dei ymse terror­måla som LeT gjekk til åtak på, medrekna The Jewish Chabad House der seks amerikanske jødar vart drepne. ISI nektar som vanleg for alt. Headly er halvbror til den offisielle talsmannen til den pakistanske statsministeren, Yousaf Raza Gilani. Legg merke til etternamnet. Slekt, klan, familie, terror, stat – i Pakistan går alt opp i ei høgre eining.

Vi må vera der
Riedel, som leidde den sams etterretningsgranskinga av Afghani­stan og Pakistan for Barack Obama i 2009, er likevel klinkande klår: USA og Vesten kan ikkje isolera Pakistan. Det har vore freista gong etter gong, seinast i mange år før 11. september 2001. Resultata har vore like katastrofale kvar gong. Dei destruktive kreftene har berre fått meir og meir makt. USA, som vert hata av eit stort fleirtal, må berre halda fram med å fôra dyret. Men kva som enn skjer, USA kan ikkje lenger gje stønad til endå eit militærdiktatur. Kvar gong hæren har teke over, har situasjonen berre vorte verre i Paki­stan. Då hærsjefen og presidenten Pervez Musharraf heldt juksevalet i 2002, stødde ISI til dømes det som i røynda var Taliban-parti i alle grenseområda mot Afghanistan for slik å svekkja dei store sekulære partia til Benazir Bhutto og Nawaz Sharif. Det kom knapt eit kritisk pip frå George W. Bush.

Særleg ille gjekk det under diktatoren og islamisten Zia ul-Haq. Då Sovjet invaderte Afghanistan, gav han med ein gong ISI ordre om å samarbeida med den saudiske etterretninga, GIT. I lag byrja dei ein omfemnande stønad av dei islamistiske ekstremistane i Afghanistan, Muhjahedin. USA var svært nøgd med dette samarbeidet, og snart hadde ISI og GIT CIA med på laget. Den globale jihadrørsla som snart fekk Osama bin Laden i førarsetet, var skapt. Ein av dei som fekk trening i ein CIA-stødd ISI-leir, var Muhammad Omar, som snart skulle dana Taliban og som framleis leier Taliban frå ein stad i Pakistan. ISI-offiseren hugsar framleis kva for ein flink student Omar var.

Inn i den trykkokaren kom så palestinaren Abdallah Yusuf Mustafa Azzam, den store forfattaren og islamtolkaren, mannen som Mossad har gjeve karakteristikken «faren til den moderne globale jihad». Skriftene hans er standardlesnad for alle islamistar. Ni dagar etter at Sovjet forlét Afghanistan i februar 1989, heldt Azzam tale i ein moské i Islamabad og fortalde kva som no skulle henda: «Vi vil halda fram med å kjempa, knusa fiendane våre og fyrst etablera ein islamsk stat i eit delområde, slik som Afghanistan. Så vil Afghanistan utvida seg, og jihad vil spreia seg vidare. Islam vil kjempa andre stader, islam vil knusa jødane i Palestina og etablera islamske statar i Palestina og andre stader. Seinare vil desse statane gå saman og sameina seg i éin islamsk stat.» Kalifatet vil ha oppstått på nytt, frå Spania ved Atlanterhavet til Indonesia i Stillehavet.

Zia ul-Haq hadde elles som oberst i den jordanske hæren sjølv delteke i krig mot Israel og var ingen elskar av jødar; han stødde sjølvsagt opp under saka før han sjølv vart drepen i 1988. Mellom 1971 og 1988 gjekk det offisielle talet på islamske skular eller madrassar opp frå 900 til 8000 i Pakistan. I tillegg kom 25.000 uregistrerte. Zia gav vitnemåla frå desse skulane same status som universitetsgradar.

ISI er satan
Pakistan er enkelt og greitt ute av kontroll. Og verst av alt er ISI, det einaste apparatet som har nokolunde oversyn over all den terroren som vert planlagd i landet og utførd av pakistanarar i andre land. Som ISI-fienden Abdul Salam Zaef, som var Talibans ambassadør i Pakistan og vart overlevert til USA av ISI og send til Guantánamo i 2001, har sagt det:

«ISI gjer nett som dei vil, og misbrukar og overstyrer demokratisk valde regjeringar når det måtte passa dei. Dei legg folk i jarn, fengslar og slepper fri, og frå tid til anna snikmyrdar dei. Dei når langt og har røter i og utanfor sitt eige land. Ulven og lammet drikk av og til frå same bekk, men sidan byrjinga av ISIs jihad i Afghanistan har dei på same viset som ein kreft tek feste i ein kropp, strekt røtene langt inn i Afghanistan; kvar ein afghansk herskar har klaga over dei, men ingen har kunna kvitta seg med ISI.»

Då han sat arrestert hjå ISI, sa Zaef at det var som å «sitja i satans fabrikk», og då Benazir Bhutto vart drepen, var det mest sannsynleg folk frå ISI som spylte drapsplassen klinisk rein. Granskinga til FN syner at det truleg var pakistansk Taliban med forgreiningar til ISI som stod bak drapet.

GÅ TIL UTANRIKS-SIDENE VÅRE!

Riedels bok gjev eit svært godt oversyn over problema Pakistan og dimed verda står andsynes. Truleg har han rett: Pakistan kan ikkje overlatast til seg sjølv, men paradoksalt nok er effekten av all den stønaden landet får at ISI og dei ulike herskarane får melding om at di verre dei oppfører seg, di meir stønad kan dei venta. I 1947 var det 39 millionar menneske i det som i dag er Pakistan. No er det 183 millionar. 54 prosent er under nitten år. I 2050 er folketalet truleg på 460 millionar. Ein kan neppe stengja eit så stort folketal inne. Pakistan er som Riedel skriv, farlegare for oss enn det Sovjetunionen var.

Riedel er elles irriterande som berre sjølvgode amerikanarar kan vera: Kvart kapittel byrjar med sjølvskryt og eit møte med ein eller annan storkar: «Pervez Musharraf og eg har gått på det same prestisjetunge stabscolleget, The Royal College of Defence Studies, (…) president Obama tok meg til side og spurde …» Det er knapt til å halda ut. Les boka likevel. Før eller seinare går den fyrste atombomba av. På henne vil det stå «Made in Pakistan». Riedel spår elles eit kraftig press på mellom anna norske grenser om jihadistane får makta i Pakistan.

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.

LES SAKA I DAG OG TID!