Slik skal fildelarane stoppast

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik skal pirat- kopiering stoppast

Kulturdepartementet sender i dag på høyring eit forslag til endringar i andsverklova

– Med dette gjev vi rettigheitshavarane verktøyet dei treng for å følgja opp krenkingar av opphavsretten på nett, samstundes som me ivaretar personvernet, seier kulturminister Anniken Huitfeldt i ei pressemelding.

Datatilsynet fører tilsyn
I forslaget opnar departementet for at rettighetshavarane skal kunne registrere IP-adressar som er nytta til krenkingar av opphavsretten, og at slik registrering ikkje krev eigen konsesjon.

LES OGSÅ: Vil ha omkamp om DLD

Samstundes må registreringa rapporterast inn til Datatilsynet, som òg kan føra tilsyn med at dette skjer på forsvarleg måte. Reglane for korleis rettigheitshavarane skal kunna få ut informasjon om kven som står bak ein IP-adresse som er nytta til ulovleg fildeling, blir føreslått forenkla og tydeliggjort.

Opnar for blokkering
Det er framleis domstolen som skal fatta beslutning om identifisering. Men før dette skal Post- og teletilsynet koma med ein uttale om i kva grad internettleverandørane skal løysast frå teieplikta.

– Samstundes som ytringsfridomen på nettet skal takast vare på, blir opna det for blokkering av nettstader som openbert og i stort omfang tilgjengeleggjer innhald i strid med opphavsretten. Blokkeringa skal påleggjast internettleverandørane, og vil kunne skje etter to alternative modellar i høyringsnotatet. Det første alternativet går ut på at Medietilsynet kan fatta vedtak om blokkering, og at eventuelle klager kan rettast til ei eiga klagenemnd. Det andre alternativet går ut på at ein gjennom eigne reglar i andsverklova legg slik kompetanse til domstolane.

Fryktar overvaking
Leiar i Venstre, Trine Skei Grande, fryktar at alle tiltaka vil føra til brot på personvernet og overvaking av alle internettbrukarane.

– Forslaga inneber ei privatisering av politimynde som eg er svært skeptisk til. Det bør ikkje vera slik at private aktørar skal få vita identiteten bak IP-adresser, seier ho til VG Nett.

Kva meiner du om forslaget?