31. mai ville Knut Hauge ha fylt 100 år. I det høvet gjev Kvitvella Forlag ut ei til no ukjent bok av han.

mm
Faktaboks

Les meir om Knut Hauge i Allkunne og Wikipedia!

LES FAKTALUKK FAKTA

”Lasse frå Lærdal”, basert på eit nyoppdaga manus som tidlegare ikkje er gjeve ut som bok.

Hauge skreiv boka i 1978. Sjølv karakteriserte han boka som ein eventyrroman for barn i alle aldrar, går det fram av ei pressemelding frå forlaget.

Boka handlar om bussjåføren Lasse frå Lærdal, han som skjøna fuglefløyt og dyreskrik og var ven med alle som går på fire, og med dei som flyg i lufta.

I tillegg til eventyret om Lasse og dei ulike dyra gir boka oss ein interessant tidskoloritt frå 60- og 70-talet.

Ein av fem store
Knut Hauge var frå Lomen i Vestre Slidre i Valdres. Saman med Olav Duun, Tarjei Vesaas, Alfred Hauge og Johannes Heggland representerer han – ifølgje Ottar Grepstad – eit av dei fem store prosaforfattarskapa i den nynorske bokheimen i det 20. hundreåret.

Hauge gav ut rundt 30 bøker. Mest kjend er han for åttebandsserien ”Sagaen om Ulfsætta”, som kom ut i perioden 1965-1980. I 1977 kom boka ”Ein roman om kjærleiken og om døden”, utgjeven gjennom Bokklubben i eit samla opplag på 120.000.

Andre barneboka
Knut Hauge har frå før gjeve ut berre ei barnebok, ”Pekke, elva og eventyret”(1962). Forfattaren Olav Gullik Bø har i samband med 100-årsjubileet skrive eit skodespel basert på denne boka. Skodespelet, som også er gjeve ut av Kvitvella Forlag, har tittelen ”Pekka”.

Kvitvella forlag er forlaget til Nord-Aurdal Mållag. Familien etter Knut Hauge har velvillig sagt frå seg royalty frå salet og overskotet vil bli fordelt mellom Vestre Slidre Mållag, Valdres Mållag og nynorskprosjektet Målstreken.

Knut Hauge skreiv i si tid også ein serie artiklar i Bondebladet som vart kalla «Brev frå Rognerud». Breva vart seinare samla i tre bøker, utgjevne på Landbruksforlaget.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE