Med raske steg mot 5 millionar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var registrert vel 4.937.000 busette i Noreg 1. april 2011. Folketalet voks med 17.000 i løpet av dei første tre månadane. Om veksten held fram på same vis, vil vi runda fem millionar innbyggjarar mellom februar og april neste år, kjem det fram i fersk statistikk frå Statistisk sentralbyrå.

Innflyttingsoverskotet frå utlandet stod for fire femdelar av folkeveksten. Det vart registrert 22.300 flyttingar til Noreg frå utlandet i 1. kvartal, 3.200 fleire enn året før. Dette er det høgaste talet som nokosinne er registrert i eit 1. kvartal. 8900 flyttingar frå Noreg er òg eit rekordtal. Nettoinnvandringa frå utlandet på 13.400 var den høgaste ein har sett i noko 1. kvartal. Til samanlikning varierte talet frå 100 til 7500 i perioden 1990-2007.

Færre døde
Talet på fødde var 14.400, på same nivå som det har vore sidan 1988. Talet på døde var 10.800, og var det lågaste sidan 1984 med unntak av 2006. Sjølv om fødselsoverskotet på 3500 var lågare enn i fjor, var det høgare enn det har vore i gjennomsnitt sidan 1988.

Av dei som innvandra til Noreg i 1. kvartal, og som ikkje var norske statsborgarar, hadde 77 prosent eit europeisk statsborgarskap. 7300 eller mest helvta av desse kom frå Polen og Baltikum, opp frå 6.100 førre året. Frå Polen og Litauen kom det fleire innvandrarar enn førre året, medan talet på latviarar var noko lågare og estlendarar det same. Utvandringa av polske statsborgarar gjekk i år ned, slik at det var ein stor vekst i nettoinnvandringa frå 1900 førre året til 3050 i år.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Talet på svenske statsborgarar som innvandra steig mest, opp frå 2500 førre året til 4000 i år. Talet for i år er spesielt høgt, mellom anna av di om lag 1000 fleire svenskar vart registrerte som busette i januar i år enn i fjor, i samband med endra rutinar for mottak av skattekort.

Når det gjeld statsborgarar frå land der flukt er ei viktig utvandringsårsak, vert dei registrerte som innvandra når dei får opphaldsløyve. Statistikken seier difor ikkje noko om når desse flyktningane reint faktisk kom til landet, men at dei vart registrert busette i 1. kvartal. Såleis hadde Eritrea mest ei dobling i nettoinnvandringa frå 400 i 1. kvartal i fjor til 700 i år. Somalia og Afghanistan hadde ei nettoinnvandring på 300 kvar seg.

Størst vekst i Oslo-området
To fylke skilde seg ut med stor folkevekst i 1. kvartal. I Oslo og Akershus voks folketalet med til saman 8100, mest halve veksten i heile landet. Vestlandsfylka Rogaland og Hordaland hadde samla ein vekst på 3 000, men det var 1400 mindre enn førre året, og på same nivå som i 2007. Telemark og Finnmark hadde minst folkevekst.

LES OGSÅ: Vil la ungdom byggja i strandsona

Oslo hadde eit fødselsoverskot på 1300 i 1. kvartal, meir enn ein tredel av det samla fødselsoverskotet i landet. Men sett i høve til folketalet var fødselsoverskotet i Rogaland, på 700, mest like stort. Innlandsfylka Hedmark og Oppland, saman med Telemark, Nordland og Finnmark, hadde eit fødselsunderskot. I heile 15 av fylka var fødselsoverskotet lågare i år enn førre året.

Oppland hadde eit underskot på 160 i år. Både vart det fødd færre, samt at fleire døydde i dette fylket. Det same, om enn ikkje i så stor grad, såg ein i sju andre fylke. Størst fødselsunderskot hadde Hedmark med 180.

Folketalet gjekk ned i 142 kommunar
13 fylke hadde flyttetap til andre fylke, Nordland størst med 250. Sett i høve til folketalet hadde Finnmark det største innalandske flyttetapet, følgt av Sogn og Fjordane, som førre året.

Seks fylke hadde flyttevinst sett i høve til andre fylke i 1. kvartal. Først låg Oslo og Akershus med høvesvis 900 og 300.

KOMMENTAR: Jakta på ungdommen

Folketalet voks i 269 av av dei 430 kommunane i landet i 1. kvartal, medan det gjekk ned i 149 kommunar. I 12 kommunar var folketalet uendra. Sett i høve til folketalet var det likevel i Modalen i Hordaland at folketalet voks mest. Fire av dei åtte kommunane med størst vekst sett i høve til folketalet, låg i Buskerud. I høve til folketalet var det Bjarkøy i Troms som hadde det største folketapet.

Faktaboks

Kommunar med størst folkevekst i prosent*

Modalen 3,24
Hemsedal 2,24
Flå 1,9
Ørskog 1,46
Balestrand 1,27
Hole 1,21
Osen 1,17
Gol 1,03
Øksnes 0,97
Ullensvang 0,97

Kommunar med størst folkenedgang i prosent*

Bjarkøy 1,68
Bjerkreim 1,52
Bø (Nordland) 1,51
Beiarn 1,45
Fosnes 1,38
Valle 1,25
Fjaler 1,24
Leirfjord 1,16
Kvæfjord 10,5
Leka 1,02

*I løpet av 1. kvartal 2011