– Dra til Tyskland
Tora Aasland synest det er nok norske studentar i engelskspråklege land, og vil ha fleire til Tyskland for å lære språk og kultur.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er utruleg viktig at studentane reiser på utveksling, og spesielt til Tyskland, sa statsråden for forsking og høgare utdanning då ho for første gonge vitja Berlin i offisielt oppdrag i forrige veke.
Trass i at Tyskland er eit av Noregs viktigaste samarbeidsland, har talet på studentar som utvekslar til landet heldt seg på eit stabilt lågt nivå dei siste fem åra. I snitt har 234 norske studentar per år reist til landet. Samstundes utveksla 982 tyske studentar til Noreg i 2010, ein auke på 48 prosent sidan 2005.
Dette er tal som bekymrar Aasland.
– Då eg vitja studentar ved Humboldt i Berlin og i Potsdam, var det mange av dei som snakka flytande skandinavisk, og som var veldig interessert i Noreg og norsk kultur. Men mange fleire norske studentar enn i dag bør òg reise den andre vegen, seier ho.
Men helst ut av Europa
Det utløyste stor debatt i fjor sommar då statsråden uttalte at ho ynskte norske studentar til utlandet og til distrikta. I tillegg til å få fleire til Tyskland, vil ho nå ideelt sett ha studentane heilt ut av Europa.
– Fleire studentar bør reise til komande økonomiar som Latin-Amerika, India og Russland, for ikkje å snakke om Brasil. Dette er viktige land for oss, seier Aasland.
Treng meir enn engelsk
Hovudvekten av norske studentar i utlandet er no ved universitet i Storbritannia, Australia og USA. Men Aasland meiner det er prekært at studentane må lære seg andre språk enn berre engelsk.
– Noreg er eit lite land som er avhengig av landa rundt oss. Difor treng vi fleire med språkkunnskapar, men òg med kunnskapar om kultur og fag i desse landa. Det er òg viktig for studentane sine jobbhøve, seier ho.
Rektorstøtte
Statsråden får støtte av rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen.
Ikkje berre uttrykkjer Ottersen uro over at den engelske dominansen i akademia har vorte for stor, han meiner òg at manglande framandspråkkunnskap blant nordmenn kan bidra til å redusere Noregs evne til å konkurrere internasjonalt. Han vil difor at universitetet går aktivt inn for å sørgje for at fleire komande studentar vel å studere språk i kombinasjon med andre fag.
– Vi må prøve å påverke profila til studentane i større grad enn det vi har gjort. I det siste har vi fokusert veldig på læraryrket og realfaga, men har kanskje gløymt språkfaga, seier Ottersen.
I likskap med statsråd Tora Aasland meiner Ottersen at det tyske språket er spesielt viktig.
– Tysk er eit av dei viktigaste kulturspråka etter meininga mi. Men beklagelegvis har det vore for lite trykk på det. Engelsk har fått dominere for mykje.