17-åringen som vart grunnlovsfar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

17-åringen som vart grunn- lovsfar

 For 197 år sidan, 17. mai 1814, deltok ein 17-åring i sjølvaste riksforsamlinga og røysta over det som blei Noregs Grunnlov.

Thomas Konow var ironisk nok med og vedtok stemmerettsalderen til 25 år då Grunnlova blei signert 17. mai 1814.

Ikkje noko val
16 år gamal vart bergensaren Thomas Konow sekondløytnant i marinen og beordra til teneste på orlogsbriggen Lolland. Briggen var då stasjonert i Norge. Av mannskapet om bord vart Konow i 1814 vald til valmann, trass den unge alderen hans.

Berre to valmenn møtte til sjølve valet for sjøforsvaret, og ettersom sjøforsvaret skulle ha to utsendingar til Eidsvollsforsamlinga i 1814, var valet sjølvsagt.

Sjølvstendig og udeleleg
10. april 1814 kom riksforsamlinga saman på Eidsvoll verk for første gong. Dei var 112 valde representantar, samankalla av regenten, Christian Frederik. Noreg var ikkje lenger underlagt Danmark, men eit sjølvstendig rike og trong si eiga grunnlov. Det viste seg snart å vera to fløyar blant dei frammøtte: ei sjølvstendeline og ei unionsline.

QUIZ: Kva veit du om grunnlova vår?

Unionspartiet meinte det ikkje ville vere mogleg for Noreg å halda på sjølvstendet sitt så lenge stormaktene ikkje støtta det. Dei meinte derfor det var betre å gå i forhandlingar om så gode vilkår som mogleg i ein union med Sverige. Grev Wedel Jarlsberg var den fremste talsmannen deira.

Grunnlova blir til
Ein eigen konstitusjonskomité vart oppretta 12. april. Den blir leia av Christian Falsen og skal utarbeida eit utkast til sjølve grunnlova. Fire dagar seinare legg komiteen fram forslaget sitt til grunnleggjande prinsipp, og dei aller fleste blir vedtekne med brei semje i forsamlinga:

• Noreg skal vere eit fritt, uavhengig og udeleleg rike.

• Den utøvande makta skal liggja hos Kongen.

• Ei folkevald nasjonalforsamling skal ha den lovgjevande og løyvande makta, mens uavhengige domstolar skal ha den dømmande.

• Det skal vera religionsfridom og trykkjefridom.

Konstitusjonskomiteen heldt fram arbeidet etter dei vedtekne retningslinene, og 2. mai presenterer dei det ferdige forslaget sitt. 17. mai 1814 vart arbeidet sluttført. Grunnlova vart vedteken, og medlemmene av Riksforsamlinga valde landets første eigne konge på nesten 500 år. Valet fell samrøystes på Christian Frederik.

Etter dette har 17. mai vore Noregs nasjonaldag.

Vart folkehelt
Thomas Konow var ikkje noko aktiv i debattane og gjorde også elles lite vesen av seg på Eidsvoll – i alle fall så langt det er kjent 197 år etter. Han stod på fleirtalet si side i spørsmålet om sjølvstende. Totalt var det 80 representantar som samla seg i Sjølvstendepartiet, under leiing av Christian Magnus Falsen.

Etter riksforsamlinga vendte Thomas Konow tilbake til marinen, der han for alvor starta karriera. Han blei likevel ikkje heilt skremd for politikken. I 1839 blei han valt for Stortinget, då for Jarlsberg og Larvik amt (Vestfold). Der sat han i komiteen for militærbudsjettet. I 1861 var han medlem av interimsregjeringa, medan kongen var på besøk i Storbritannia og Frankrike.

I marinen nådde han svært langt. Først i 1869 søkte han avskjed. Han var då kontreadmiral og sjef for Marinekommandoen.

TEMA: Sjå historie-sidene våre!

I 1870 flyttet Konow til Kristiania. Det blei då snart tradisjon at 17. mai-toget helste på "den siste eidsvollmann". Først i 1881 døydde Konow på 85-årsdagen sin. Fleire tusen menneske møtte i gravferda hans, som blei betalt av staten. Han er gravlagt i Vår Frelsers Gravlund i Oslo.

Kjelder:  Eidsvoll1814.noSnl.noNorsk Biografisk LeksikonKongehuset.no og Wikipedia