– Nekt unge å køyra om natta og med passasjerar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nekt unge å køyra om natta


Sjåførar under 20 år er involverte i dødsulukker nesten sju gonger oftare enn sjåførar mellom 35 og 64 år, ifølgje fersk statistikk frå Transportøkonomisk institutt.


Forskingsleiar Fridulf Sagberg føreslår no å avgrensa førekortene til dei yngste sjåførane.


– Eg meiner mange liv ville vore spart om ein innførte eit «gradert førarkort» for ungdomar. Det kan til dømes vera å forby køyring om natta eller å ha med passasjerar, seier Sagberg til VG Nett.

Kan spara fleire liv

Han viser til at kring 15 til 20 prosent av ulukkene der dei under 20 år er involverte, kunne vore unngåtte med slike restriksjonar.


Andre moglege restriksjonar som Sagberg foreslår, er forbod mot å køyra motorveg eller å ha ei promillegrense på 0,0.


Seier nei til forslaget

I 2007 føreslo òg Trygg trafikk avgrensa køyrerett, utan at det har ført til nokre politiske endringar.

SJÅ TRAFIKKTRYGGLEIKS-SIDENE VÅRE!


Samferdselsminister Meltveit Meltveit Kleppa og Statens vegvesen gjekk i april ut og sa at dei ynskte å merka unge sjåførar med ein grøn L. Dette må nybyrjar-sjåførane køyra med i ein prøveperiode på to år. Men å innføra avgresinger, som Sagberg føreslår, avviser ho blankt overfor VG Nett.

– Noko slikt vil iallefall ikkje koma frå meg.

Hjelp i meir køyretrening
I ein fersk artikkel slår Sagberg fast at det er svært vanskeleg på å gjera noko med tendensane til medvite risikoåtferd i trafikken, utanom restriktive tiltak som auka politikontroll og tekniske løysinger i bilane, som til dømes alkolås og fartssperre.

– Likevel er det muleg å øva opp ferdigheitane til dei unge førarane, slik at konsekvensene av feila deira ikkje blir så alvorlege, skriv han.

LES OGSÅ: – Bilen må ta rattet frå menneska

I tillegg til gradert førarkort føreslår forskingsleiaren føreslår å sørgja for meir omfattande køyring med ledsagar før førarprøven.  

Faktaboks

  Kvart år døyr det 1,3 millionar menneske i trafikkulukker.
Om utviklinga held fram vil talet stiga til 1,9 millionar i året i 2020.
Trafikkulukker er verdas tiande hyppigaste dødsårsak. For menn mellom 15 og 29, er det den hyppigaste dødsårsaka. KJELDE: WHO