Kven trur du at du er?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Kongen er nasjonens samlande symbol. Derfor høyrer han naturlig heime på ei markering for norske veteranar. Det er utrulig at ikkje Jens Stoltenberg forstod det.

No har Stoltenberg rettnok lagt seg flat og innrømma at dette blei heilt feil, så eg kunne kanskje latt denne saka ligge no.   Men det har eg ikkje tenkt å gjere.

Kvifor skulle eg gjere det?

Kvifor skal ikkje eg også få lov til å påpeike for ein skandale dette er?

Kongen er trass alt nasjonens samlande symbol. Derfor høyrer han naturlig heime på ei markering for norske veteranar. Det er utrulig at ikkje Jens Stoltenberg forstod det.

No forstod eg det rettnok ikkje sjølv heller. Skal eg vere ærlig, så tenkte eg ikkje så mykje over at det var 8. mai i det heile tatt sist helg. Eg var vel opptatt med andre ting. Konfirmasjon, sannsynligvis.

Eg forstod det heller ikkje dagen etterpå. Men dagen etter der igjen, då det stod i avisa og alle snakka om det, då forstod eg det. Då var det til gjengjeld ikkje måte på kor eg forstod det. Og då tenkte eg at det er utrulig at ikkje også Stoltenberg forstod dette.

No var det kanskje litt påfallande at alle forstod dette samtidig. Kanskje var det for eksempel litt rart at opposisjonspolitikarar som sjølve var med på arrangementet, to dagar etterpå plustelig reagerte kraftig på at kongen ikkje var der.

Men det får ikkje hjelpe.

Poenget er at kongen er nasjonens samlande symbol. Derfor høyrer han naturlig heime på ei markering for norske veteranar. Det er utrulig at ikkje Stoltenberg forstod det. Og at han ikkje informerte om at han hadde bede kongen halde seg heime.

No blei Stortinget rettnok informert. Litt. På ein måte. Blir det påstått. Men det tel ikkje, med mindre representantane fekk eit brev der det stod: «NBNBNB! Dette blir skandale! Stoltenberg liker ikkje kongen!»  Poenget er uansett at kongen er nasjonens samlande symbol.

No kan vel forsåvidt det også diskuterast, når eg tenker meg om. Regjeringa til Stoltenberg er støtta av eit fleirtal i den folkevalde forsamlinga, så på den måten kan ein kanskje seie at det er Stoltenberg som representerer folket. Ikkje kongen, som ingen har valt. Og det er jo Stoltenberg & co som bestemmer at Norge skal i krigen, så sånn sett er det kanskje ikkje heilt ulogisk at det er han som deler ut.

Så okei: Kanskje er denne saka ikkje så alvorlig likevel. Og ikkje så stor. Og kanskje var saka eigentlig over for fleire dagar sidan. Og kanskje er eg ikkje eingong enig i kritikken mot statsministeren.

Men likevel då, gitt! Eg har likevel lyst til å skrive noko om kor utrulig svakt det var av Stoltenberg å drite seg ut slik i denne saka.

Kvifor skal ikkje eg få lov til å henge ut Stoltenberg i denne saka? Når alle andre får lov? Skal eg straffast fordi eg kjem litt seint på banen og er uenig og ikkje følgjer spesielt godt med?   Det er sjeldan det er så lett å gjere narr av ein statsminister som i denne saka. Og audmjuke han. De veit kor glad eg er i å audmjuke statsministrar. Eg lever for å audmjuke statsministrar. Og denne saka er ekstremt godt eigna til det.

Eg vil også audmjuke! Kvifor skal ikkje eg få lov? Når Siv Jensen får lov? Og Erna Solberg? Og Trine Skei Grande? Og nesten alle som jobbar i media?

Eg vil også vere med. Eg vil også skrive sånt som:  Kven er det Jens Stoltenberg trur han er? Konge?  Kva blir det neste? At Stoltenberg nektar kongen å helse på norske gullvinnarar i Holmenkollen? At Stoltenberg forlangar å få halde sin nyttårstale før kongen? At Stoltenberg begynner å gå med krone?

Denne saka viser endå ein gong at Stoltenberg ikkje forstår seg på symbol. Det einaste han forstår er tal.

Det er så lett å skrive sånt. Og det er ikkje ofte ein har sjansen. Og så så moro som det er.

Og om ein har ein hang til det pompøse, så er denne saka perfekt til det også. Her kan ein lett skrive og snakke om nasjonalsymbol. Om å samlast. Om skandalar og skam. Og småligheit. Å vere pompøs er også moro av og til.

Eg vil også vere med. Eg vil også audmjuke og vere spydig og pompøs.

Og kor ofte har ein sjansen til å skrive kommentarar der ein bruker uttrykket «Medaljens bakside», og det faktisk gir meining? Kor ofte skjer det? Kanskje ein gong i livet. Kvifor skal ikkje eg få lov til å skrive «medaljens bakside» i ein kommentar når alle andre har gjort det?  Ein må gripe sjansen når ein har han. Tenke meg om kan eg gjere når eg blir pensjonist.

Denne kommentaren stod først på trykk i Aftenposten 14. mai.