Namn «in» – tribal «ut»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva er Bergen Tattoo Convention?

– Det er eit arrangement der tatovørar frå heile landet samlast. Tatovørar og folk kan kome å bli tatovert av dei beste i bransjen. Det vil også vere show og konkurransar i forskjellige tema som «best colour» og «best black and grey». Her kan både gamle og nye tatoveringar vinne.

Kvifor bestemte du deg å byrje med tatovering?

– Eg har alltid likt å teikne, og eg har visst frå eg var ung at det var dette eg ville halde på med. Men ein må hugse på at tatoveringskunsten er annleis enn å teikne på papir, ein må kunne sjå proporsjonar og leggje skuggar.

Det er ei myta som seier at alle som er tatovørar har vore taggarar når dei var yngre. Stemmer det?

– Nei, eg trur ikkje alle har det, men eg kan nok seie at eg gjorde det då eg var yngre.

Kva syns du om tribal-tatoveringar?

– Me prøver så godt me kan å unngå å lage det. For nokre år sidan var det mange som tok slike, men ikkje i dag.

Treng ein noko formell utdanning for å byrje med tatovering?

– Nei, så lenge ein er god til å teikne så har ein eit godt utgangspunkt. Mange av dei som kjem hit for opplæring har bakgrunn frå kunsthøgskulen eller andre ting. Det einaste alle har felles er at dei er gode til å teikne.

Kor er den raraste plassen du har tatovert nokon?

– Det er vanskeleg å svare på. Kanskje hovudet eller ansiktet. Folk kjem av og til og seier at dei vil ha tatovering i ansiktet, men me tatoverer ikkje folk i ansiktet lengre.

Ser du på LA Ink eller andre liknande program?

– Ja, eg ser på Miami Ink. Eg reiser sjølv til Miami fire, fem gonger i året, så då er eg ofte innom for å snakke med dei. Favoritten min er også frå USA, og heiter Nikko Hurtado.

Kva er di favoritt-tatovering på deg sjølv?

– Det er så enkelt at det er namnet på dottera mi.

Er det mange studentar som tar tatovering?

– Ja, me har mange studentar som kundar. Me prøver så godt me kan å leggje opp til at dei kan tatovere seg i fleire omgangar, slik at ein ikkje treng å betale heile summen på kanskje 10 000 kroner på ein gong.

Er det trendar innanfor tatoveringskunsten?

– Ja, det finst trendar. Akkurat no er namn ein veldig stor trend. Men også portrett, enten av slektningar eller andre folk dei ser opp til. Folk tenkjer mykje meir på tydinga bak tatoveringa no enn før.

Bør alle ha ei tatovering?

– Ja det synst eg. Men det er viktig å tenkje igjennom kva ein vil ha og ikkje berre ta eit kinesisk teikn utan at det betyr noko. Det er viktig at ein har ein plan, og finn ut kven ein vil skal tatovere dette. Bruk tid og tenk nøye igjennom kva du vil ha.

LES SAKA I STUDVEST!