16-åringar er flinkare til å stemma

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til hausten vil nokre 16-åringar kunne røysta ved kommunevalet. Røynsler frå andre land viser at 16-åringar røystar i større grad enn eldre ungdomar.

– I land der stemmerettsalderen er 16 år, har det vist seg at 16-åringane i høgare grad nyttar seg av stemmeretten enn eldre veljarar under 30 år. Fleire forskarar meiner livssituasjonen er forklaringa. 18-åringar er i ein alder der mange har avslutta vidaregåande, flytta heimefrå og er i ferd med å etablera nye nettverk. Denne krevjande situasjonen kan redusera valdeltakinga, seier Guro Ødegård.

I ein ny rapport har ho og Jacob Aars analysert argumenta i den europeiske debatten om senking av røysteretten, og sett desse i samanheng med forskinga på feltet.

Auka valdeltaking i Noreg
Valdeltakinga blant 16-åringane på kort sikt vil vera høgare enn for eldre ungdomar. Langtidsverknadene vil vi først kunne sjå når 16-åringane blir eldre.

– Å røysta kan sjåast på som ein vane. Dei som røystar ved det første valet sitt, brukar oftare stemmeretten seinare i livet enn førstegangsveljarar som ikkje røystar. Sidan 16-åringar synest å delta i større grad enn ordinære førstegangsveljarar på 18 år, kan ei senking bidra til auka valdeltaking på sikt, påpeikar Ødegård.

LES OGSÅ: Mest politisk interesse i vest

I Tyskland har fleire delstatar innført 16-årsgrense i lokalvala. Tal derifrå viser at interessa for å setja seg inn i politiske spørsmål går ned frå 15-årsalderen. Ein av fem tyske 15-åringar seier dei er interesserte i politikk. Blant 17-åringane er det berre ein av ti som svara det same i denne undersøkinga.

For og imot
Det er likevel lite som tyder på at valresultatet vil påverkast nemneverdig.

– Til det er den nye stemmegruppa for liten. Dessutan viser røynsler frå Tyskland og Austerrike at 16-åringane stort sett stemmer som resten av veljarane.

Argumenta for senka stemmerettsalder legger vekt på gevinsten ein oppnår ved å utvide demokratiet.

QUIZ: Kva veit du om lokaldemokratiet?

– Mange meiner ein får eit meir representativt demokrati fordi unge får reell politisk makt, og at dette vil bidra til å auka dei unge sitt politiske kunnskapsnivå og engasjement, seier Ødegård.

Professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot har teke til orde for lågare stemmerettsalder utifrå demografiske omsyn. Sidan folkesetnaden blir eldre, meiner han dette kan skyva det politiske tyngdepunktet.

– Dette er eit argument ein ser Barneombodet òg har brukt, påpeikar Ødegård.

Ho peikar på at motstandarane av reforma meiner 16-åringar ikkje er modne nok, og manglar naudsynt kunnskap og forståing av politikken for å kunne røyste. Det blir hevda at dei difor ikkje kan ta ein gode val på valdagen.

Forsøkskaniner
Ved det norske kommunevalet i september vil litt over 9000 16- og 17-åringar i 20 kommunar og Longyearbyen kunne røyste. Gjennom dette forsøket, som skal evaluerast av ei forskargruppe frå Institutt for Samfunnsforsking og Rokkansenteret, ynskjer norske styresmakter å ha eit breiare grunnlag for å vurdere lågare stemmerettsalder.

LES OGSÅ: Der ungdom får bestemma

I dag, onsdag 11. mai, arrangerer Institutt for samfunnsforsking seminar og debatt om stemmerettsalder. Leiarane for Unge Venstre, KrFU, AUF, Elevorganisasjonen, LNU og Barneombodet kjem saman med fleire andre.

Faktaboks

Desse er med i ei forsøksordning der 16- og 17-åringar får røysta ved kommunevalet i 2011:

Marker
Lørenskog
Hamar
Vågå
Sigdal
Re
Porsgrunn
Grimstad
Mandal
Gjesdal
Stavanger  
Austevoll  
Luster
Ålesund
Osen
Namdalseid
Tysfjord
Kåfjord
Hammerfest  
Kautokeino
Longyearbyen lokalstyre

Dei fleste landa i verda har røysterettsalder på 18 år, men fleire og fleire land har opna for yngre veljar. I fleire tyske delstatar har 16-åringar røysterett i lokalval. I både Østerrike, Brasil, Cuba og Nicaragua er røysterettsalderen 16 år i nasjonale val også.

I Bosnia, Serbia og Montenegro kan 16- og 17-åringar røysta viss dei har jobb. Av desse landa er det berre Cuba som har ein myndigheitsalder på 16 og ikkje 18.