Me lærer for mykje etikk

Dan-Raoul Husebø Miranda
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

La oss starte med det første først; Folk veit ganske mykje om kristendommen.  Det er noko dei fleste har eit forhold til i Noreg, og alle har hørt ein bibelhistorie og to. At ikkje alle har utfyllande kunnskap om kva Paulus sa om det eine, og korleis det gikk med Judas (Spoiler; han døde. På fleire vis, i same bibel.) er ikkje den norske skule sitt ansvar. Det er trusopplæring, noko den norske kyrkje får kr. 177 870 000 (jfr. Statsbudsjettet 2011 (PDF), s. 151, kap. 1590, post 75) til å gjennomføre. Eg gjentar, 177,9 millionar kronar. Til trusopplæring. Viss ein ser dette i samanheng med kva grunnopplæringa får (s. 118 – 119, kap. 220-230), så merkar ein kor mykje ein burde klare å få ut frå disse midlane.

Likevel, så skal dette inn i skulen, under Religion, Livssyn og Etikk (RLE), og ta plass frå andre religionar (som er under mykje nok stigma og xenofobi allereie (t.d. islam nasjonalt, ateisme på Sørlandet.)) og etikk, noe mange klagar på at samfunnet manglar i sakar som t.d. abort, sex, rus.

(Eg vart freista til å dra tråden mellom abortmotstandare og disse foreldra som det er snakk om som ein stygg generalisering, men skal vere snill.)

Det er sjølvklart at evangelisk-luthersk (og tidligare katolsk) kristendom har ein spesiell plass i det norske samfunn. Det blei tross alt pressa på oss gjennom 900 år, og det er først de siste ca. 150 årene (jfr. Storsamfunnets prinsipper, Bente Sandvig i Humanist) me har hatt livssynsfridom. Likevel; Foreldra grunar i korleis det har noko å sei for utviklinga til Noreg i dag, som for all del er relevant. Men med det, stadfestast kristendomens posisjon i faget Samfunnsfag (Hovudområde: Historie); ikkje i RLE.

Kristendom skal, som den markant største religionen i Noreg, ha størst del i RLE. Men, om så det er ein overlapping, så skal ikkje RLE vere Historie. La RLE vere RLE, og Historie vere Historie.

Me treng ikkje prosentmessig  utrekning på tal timar med kristendom eller andre, og, personlig, trur eg dette er ein hensiktmessig løysning for kristendom i RLE. Eg trur, og har opplevd, at det heller er omvendt tilfelle som er eit problem; det bli vektlagt for mykje tid på kristendom, og for lite tid til andre religionar og livssyn. Ta humanisme, t.d., i Noreg forankra i Human-Etisk Forbund. Humanisme (/human-etikk) er ofte via generøse to sider i lærebøkene. (Fritt etter anekdotiske bevis frå frittgåande medlemmar av Humanistisk Ungdom. Bevis meg gjerne feil.) Human-Etisk Forbund er elles kjent som det største livssynssamfunnet utanfor Den norske kyrkje i Noreg, og ca. 80 000 er medlem.

(Dette er ikkje noko eg har tal på, men skal det gjerast ein endring, så skadar det ikkje å ta ein lita undersøking på det, før ein går tilbake til noko som ikkje nødvendigvis er betre!)

Når alt dette er sagt, så er, i tillegg, RLE det same faget som KRL (jfr. “Fra KRL til RLE – hvilken forskjell gjør da det?“).  Det har skifta namn, endra på eit par læreplansmål, og litt i samansettinga i faget. Men dei store endringane uteblir, og det er heller ikkje noko krav, eller pengar, til nye lærebøker i faget, slik at læringsgrunnlaget blir det same.

Skal noko endrast i faget RLE, vil eg slå eit slag for etikk. For det er noko det norske samfunn tydeligvis treng.