Foreldre og besteforeldre grev djupt i lommeboka for å glede konfirmanten. Svært få synst pengegaloppen er problematisk.

mm

Dei fleste foreldra og besteforeldre gjev pengegåver til konfirmasjonen, og det er ikkje uvanleg at summen ligg mellom 5000 og 10.000 kroner, viser undersøkinga som Sentio har utført for Fokus Bank.

Ein tredjedel oppgjev at gåvesummen ligg i denne storleiksordenen. Nokre gjev òg meir. 15 prosent seier dei gjev meir enn 10.000 kroner.

– 25 prosent gjev mindre enn 5000 kroner, medan 4 prosent ikkje ynskjer å svare. Dei øvrige gjev anna enn pengar i gåve, seier ungdomsøkonom Maria Setsaas i Fokus Bank til Newswire.no.

Åtte av ti synst ikkje dei opplever noko press for å gje konfirmanten pengar.

Klare sparemål
– Utbreiinga av pengegåver har nok samanheng med at mange ungdomar har eit klart sparemål, som scooter, køyreopplæring, dyrt sportsutstyr eller ein kostnadskrevjande hobby. Då kan jo konfirmasjonsgåver bidra til å realisere slike mål, seier Setsaas.

Nokre satsar òg på meir langsiktig sparing.

– Me ser ein god del døme på at ungdom set pengane på bankkonto eller i fond. Mange gjevarar plasserer òg gåva i slik sparing direkte. Då er formålet gjerne ei framtidig utdanning eller den første investeringa i eigen bustad, seier Setsaas.

LES OGSÅ: Flest vel humanistisk i aust

Hun rår foreldre til å snakke med ungdomane om kor viktig det er å setje seg konkrete sparemål og gjerne inspirere dei til å lage ein spareplan.

– Når det gjeld konfirmasjonspengane kan det kanskje òg vere lurt å bli samde om når desse skal vere tilgjengelege for bruk, seier Maria Setsaas.

Forståeleg glede
Det er svært forståeleg at ein 15-åring blir kjempeglad for store pengegåver, meiner Ole Jacob Flæten, sokneprest i Lillestrøm og aktivt engasjert i konfirmasjonsundervisninga.

– På dette området er det dei vaksne som avgjer og legg premissene. Men det er klart det kan vere grunn til å reflektere litt over utviklinga, siar Flæten.

Samstundes ser han at veldig mange ungdomar nyttar konfirmasjonstida til å tenkja over kva dei vil med livet sitt, og søkja ein ståstad.

– Sett frå sida til kyrkja er det gledeleg at det er så stor oppslutning om konfirmasjonen og at vi i førebuingsperioden kan få gje dei unge gode verdiar med på vegen. Slik blir dei betre rusta til sjølv å ta etiske val, seier Ole Jacob Flæten til Newswire.no.

Er det for mykje fokus på gåver når det konfirmasjonen? Kva meiner du er ei god konfirmasjonsgåve?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE