30.000 fjortisar på tur

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

186 påmelde åttandeklassingar frå heile Kvinnherad går i dag Opptur 2011 til Nordfjell og Vardhaugselet. Starten gjekk frå Valen sjukehus i 9.30-tida.

– I år er også åttandeklassingane frå Hatlestrand med, dermed har vi deltakarar frå alle ungdomsskulane i kommunen, smilte den lokale oppturgeneralen, Anne Kari Enes i Kvinnherad Turlag.

I tillegg til dei 186 åttandeklassingane, er også 21 vaksne med på turen. Turmåla er altså Nordfjell og Vardhaugselet. Returen går via Olderbotn.

Deltakarane kjem frå Husnes ungdomsskule, Øyatun skule, Rosendal ungdomsskule, Hatlestrand skule og Åkra skule.

Sjå bildeserie!

Opptur er eit landsomfattande tiltak i regi av Den Norske Turistforening. I alt 30.000 – halvparten av alle åttandeklassingar – er på tur onsdag 4. mai.

LES SAKA I KVINNHERINGEN!