– Eg er lyntog-entusiast

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er lyntog- entusiast

Guro Stordrange (17) vann skrivekonkurransen ”Tilbake til 2020” med eit innlegg der ho mellom anna skriv at ho vil ta hydrogenbuss til Høydalsmo der ho vil kunne gå på lyntoget til Skien. Les vinnarbidraget her!

– Det er så forfriskande å høyra om ungdom som koplar hydrogenbuss og lyntog. Det viser at me har høve til å forsterka distriktsutviklinga gjennom å satsa på miljøvenlege løysingar, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).

Kva tid det kan koma hydrogenbussar til Dalen vil ho ikkje seia noko om, anna enn dette:

– Nye typar drivstoff blir stadig prøvd ut.

Knyter saman
– Der dei har etablert lyntog, så er det heilt klart at regionar har blitt knytte saman på ein måte som me ikkje kan førestilla oss, held samferdsleministeren fram.

– Men kva tid kan Guro Stordrange ta lyntog?

– Første trinn no er utgreiingane av seks strekningar i Noreg. To av desse strekningane vil gå gjennom Telemark. Våren 2013 vil me i Nasjonal transportplan bestemma om det skal byggast høgfartsbane og kvar dette blir, forklarar samferdsleministeren.

– 2020 er kanskje litt tidleg, legg ho til, før ho seier:

– Eg er lyntog-entusiast.

LES OGSÅ: Håpar på høgfartsbanen

– Vil lyntoga verkeleg gje distrikta eit tilbod også, eller vil dei berre susa forbi frå storby til storby?

– Det ein tenkjer er at det vil bli så mange avgangar at lyntoga kan stoppa på stasjonar med mindre passasjergrunnlag innimellom, seier Kleppa, og teiknar opp på eit papir eit rutenett der toga stoppar på nokre av stasjonane til forskjellige tider.

– Lytt til bygdeungdom
– Eg blir glad kvar gong eg høyrer om ungdom som har tankar om å koma tilbake til bygda si. Ungdom er framtida, også for framtidas bygder.

– Vår generasjon har i all for stor grad pusha opp om tenkinga om at ein må koma seg ut å få seg ei utdanning. Langt fleire lokale styresmakter bør vera opptatt av å medvite lytta til ungdom sine eigne meiningar, avsluttar Magnhild Meltveit Kleppa.