Kjempar for Skarverennet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjempar for Skarve- rennet

Sommarvarmen har også slått til i høgfjellet. Det leitar no så på snøen i skarverennstraseen at det må jobbast på høggir fram mot renndagen for å redde rennet.

På 1.300 meter er det overvatn i løypa.

– Snøen er våt, og det er mykje vatn. Det blir no gjort ein stor jobb med å leie vatnet vekk under løypa og vekk frå traseen. Det er lagt røyr og bygd snøbruer, seier Espeli.

12.200 skiløparar gjer seg klare til å gå Skarverennet laurdag.

10.000 av desse skal gå dei 38 kilometrane frå Finse til Ustaoset.

I 2003 vart rennet avbrote på grunn av dårleg vêr. i 1996 var det så lite snø at ein måtte gå på beina den siste kilometeren, fortel Espeli.

– Men i år er det ekstraordinært. Det er jo målt varmerekord i april, og i tillegg går rennet ei veke seinare enn normalt.

– Hadde det vore freistande å avlyse?

– Nei. Me gjer alt me kan for å avvikle rennet, seier Roger Espeli.

– Skarverennet betyr mykje for idrettslaget, og rennet har store ringverknader. Me tek eit ekstra tak for å få avvikla, bretter opp ermane, og køyrer på.

– Mange vil stå på dei nærmaste dagane. Berre hard vind eller nedbør på renndagen kan stoppe Skarverennet no.

Det må køyrast på snø også heilt fram til renndagen. Det skal hentast snø ved Ustaoset og på Vidda. Blant anna må det køyrast snø i målområdet.

– Me har ikkje lastebilar i Geilo IL, så me har leigd inn hjullastarar og lastebilar, seier Espeli.

Mykje står på spel. Skarverennet er god butikk. Berre påmeldingsavgiftene er på over elleve millionar kroner. I tillegg kjem sponsorinntekter, pølsesal og andre inntekter.

– Kor store ekstrakostnader blir laget påført i år?

– Det blir sjølvsagt ein god del, i tillegg kjem mykje ekstraarbeid for dei frivillige, seier Espelid utan å kunne talfeste ekstrakostnaden på ståande fot.

– Men eg kan iallfall love snø heile vegen for skiløparane, seier Roger Espeli.

LES SAKA I HALLINGDOLEN.NO!