Dei var dei tøffe gutane som "showa" på Geilo påskeeftan.

Arne Ole Lindahl/Hallingdølen.no
Arne Ole Lindahl/Hallingdølen.no

 Fleire hundre menneske fekk sjå høge og akrobatiske svev med snøbrett på big jumpen og halsbrekkjande manøvrar med snøscooter.

For tredje gongen var Epie X Elements på Geilo med ekstremssportshowet sitt. Det var sannsynlegvis ikkje siste gongen.

Her var det full fres frå første hopp. Aller mest imponerte snøscooterkøyrarane. Det er ikkje kvar dag folk får sjå salto med snøscooter. Men det fekk dei sjå her. Ikkje berre ein gong, men fleire gonger.

Elleve køyrar stilte i snøbrettkonkurransen. Førstepremien på 20.000 kroner vart vunne av Per Iver Grimsrud.  

LES SAKA I HALLINGDØLEN.NO!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

ANNONSE