Vil merka ferske sjåførarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) ønskjer å gje unge bilførarar meir merksemd etter at dei har fått førarkort, skriv Adresseavisen.

– Mannlege bilførarar i 18-19-års alderen har dobbelt så stor sjanse for å bli ramma av ei dødsulukke som førarar i gruppa 20–24 år, seier Kleppa.

Gode erfaringar
Det er erfaringane frå liknande merking i Australia og Storbritannia som har ført til at vegvesenet innan 2014 vil ta initiativ til å innføre krav om merking av køyretøy med sjåførar i prøveperioden.

TEMA: Les meir om trafikktryggleik her!

– Det er viktig å gjera dei ferske sjåførane medvitne på ansvaret med å køyra bil. Du er ikkje utlært sjølv om du har teke sertifikatet, seier Kleppa til avisa.

Kva meiner du? Er dette ein god ide?