Kriminell påske

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bokbransjen er veldig haustorientert, men påskekrim-fenomenet har snudd litt på det, meiner Christ Tvedt, som forrige veke mottok Rivertonprisen for den nyaste romanen sin "Dødens sirkel".

– Det er ein personleg tilfredsstilling å motta prisen. Ein får eit slags offentleg godkjent-stempel. Etter at det vart annonsert at eg var vinnaren har eg fått mykje meir merksemd, eg fekk til dømes 25 nye vener på Facebook på ein dag, seier forfattaren og smiler.

Tvedt er den femte vinnaren av Rivertonprisen frå Nord- og Midthordland, men verken han eller krimkollega Gunnar Staalesen trur området skil seg ut krimmessig.

– Nei, eg har inga oppleving av at området er sterkare krimmessig enn andre deler av landet, seier Staalesen.

Krim som sosialt haldepunkt
Me møter forfattarane på Wesselstuen. Praten går laust. Begge kom ut med kriminalromanar i haust, begge har no vunne Rivertonprisen (Staalesen to gonger) og begge er samde om at det finst spelereglar innan sjangeren.

– Når verda elles er i ubalanse er det greitt å ha krimmen, der ein får konkrete svar. Å kalle noko ein krimbok impliserer at ein skal gje svar på gåta, det er ei slags kontrakt med lesaren, meiner forfattarane.

Staalesen forklarar at han aldri les eit anna verk av ein krimforfatter om han i første boka ikkje får svar på dei grunnleggjande spørsmåla. Sjølv om Staalesen og Tvedt vier mykje tid til å skrive krim, pleier dei likevel å lese bøkar av andre i sjangeren.

Gamle songar om att
– Mykje av grunnen er å følgje med på det nye som skjer, vi vil jo ikkje skrive om same tema som ein annan forfattar nettopp har gjort, forklarar dei.

Dei nyaste romanane til Staalesen og Tvedt hadde ifølgje dei sjølv påfallande likskapar, då begge skreiv om Øygarden på Vestlandet.

LES OGSÅ: Her er favorittoka di!

– Krim er som bokbransjens pop. Det er variasjonar over kjende tema og det er relativt ofte like plott, seier Tvedt.

Begge er samde om at dei uoppklara lovbrota triggar krimforfattarar.

– Alle krimforfattere byrjar alltid å diskutera Orderud-saka utpå kvelden, forklarar Staalesen og smiler.

Kobling mellom krim og påske
Hans H.. Skei, professor i allmenn litteratur ved UiO og president i Rivertonklubben, forklarar kvifor krim har vorte ein norsk påsketradisjon.

– Ein pleier å seie at dette vart eit påskefenomen etter at boka «Bergenstoget plyndra i natt» kom ut i 1923. Den kobla påske og krim saman, og dette utnytta forlaget, seier Skei.

Boka kom nemleg ut laurdag før palmesøndag, og forlaget marknadsførde dette iherdig. Professoren meiner i tillegg at det er fleire grunnar til at krim passar godt saman med påska.

– Nordmenn har relativt lang påskeferie, og krim er lettlest og populært å ha med seg på fjellet. Dette er jo grunnen til at Rivertonprisen blir utdelt rett før påske, det er bra reklame, seier presidenten for Rivertonklubben.

– Speglbilete av samfunnet
– Krim omhandlar ofte urbane miljø, sånn sett eignar Bergen seg fint. Men Staalesen tek jo livet av fleire i éi bok enn det som faktisk skjer i Bergen på 40 år. Eg trur ikkje byen skil seg ut kvalitetsmessig på krim, meiner Skei.

Lars Helge Nilsen, bokmeldar i Bergens Tidende, har meldt krim i 25 år og trur det er fleire grunner til populariteten til sjangeren.

– Krim er eit speglbilete av samfunnet, det handlar om vår eigen kvardag. Han gjev oss eit blikk inn i vår eiga samtid, forklarar han.

Litterær nerve
Nilsen har følgt Chris Tvedt frå starten av karrieren, og meiner han var ein verdig vinnar av årets Rivertonpris.

– Han kom som eit friskt pust. Ein god krim skal ha ein tone og ei nerve som grip deg frå starten av. Som gammal norsklærar legg eg òg stor vekt på det litterære, forklarar BT-meldaren.

Han forklarar òg kvifor skandinavisk krim har eit såpass godt rykte.

– Ingen har det så godt som i det skandinaviske velferdssamfunnet, likevel er det noko som lurar under overflata. Dette fascinerer Europa, seier Nilsen.

Sjølv tilrår han studentane å jakte på den gamle krimmen til påska.

LES SAKA I STUDVEST!

Har du ei krimbok du vil tilrå andre? Del tipsa dine i kommentarfeltet under!