Med konsentrasjon og respekt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med konsen- trasjon og respekt

I fjor haust inviterte Håkon Didriksen frå Kviteseid barn i alderen frå fyrste klasse til tolv år med på kampsport to gonger i veka i fleirbrukshallen. Førre laurdag var det klart for barnas fyrste beltegradering.

– Oppmøtet i dag er kjempebra, og det har det vore heilt sidan me starta i september i fjor. Det er fint å vere med å skape ulike aktivitetstilbod for ungane, slik at dei har fleire ting å finne på, seier Håkon, medan Stefan Nikander, som har tatt turen frå nabolandet, instruerer dei 26 barna på klingande svensk.

– Det ungane lærer er Wado, ein avart av karate som Stefan Nikander utvikla i 2002. Sporten er retta mykje mot pedagogikk, det handlar ikkje om å lære å slåst, men heller finne alternativ til vald. Alle som er med i klubben kjenner reglane. Bryt ein deltakar dei, ved mellom anna å vere slem, slå og erte andre, blir han eller ho ekskludert frå klubben og mistar beltet sitt, seier Håkon.

Respekt
26 jenter og gutar samla i ein idrettshall, ein del foreldre, sysken og familie sit på tribunen og fylgjer nøye med.

Ingen pratar saman, ingen fniser eller tullar – store augo fylgjer dagens instruktør Nikander som fektar med eit sverd og fortel ei historie. Temaet er å vere på lag, samarbeide, vere sterk og trekkje seg vekk frå situasjonar ein ikkje skal vere i. Han viser gode og dårlege måtar å reagere på, og ungane har full fokus på kva han seier.

– Han snakkar mykje om det å ha respekt for treningskompisar, vaksne menneske eller samfunnet generelt i tillegg til disiplin, seier Håkon.

Eit komandoord blir gjeve, alle reiser seg og er klare for neste beskjed.

Gult belte
Stefan Nikander er elev av Ted Wong, som igjen var elev av Bruce Lee som utvikla kampsporten Jet Kune doo. Han har mykje kunnskap å vidareføre til dei unge deltakarane i Kviteseid og saman med Håkon blir det gjennomgang av ulike teknikkar barna har lært gjennom året på treningane.

Så er det klart for nytt belte. Barna er spent. Dei blir ropa opp og får overlevert den fyrste graden av gult belte og diplom. Dei er raskt i gang med å knyte opp det kvite beltet og få på plass det gule. Tydeleg og velfortent stolte etter ei god treningsøkt.

– Nå er det påskeferie før me tar ein bolk til med treningar på sundag og tysdag fram til sommaren. Så startar me opp att til hausten. Beltegraderinga skjer vanlegvis ein gong i året, og det er oransje, grønt, blått, brunt og svart i vente om ein held fram, fortel Håkon.

Men dei har nokre år på seg til å få betre kroppskontroll og Håkon fortel at han stiller høgare krav ettersom elevane blir eldre.

– Det er alt for mange barn som sit for mykje stille, til dømes framfor dataen, og slit med grovmotorikken. Her har ein høve til å velje bort stillesitjing, og heller kome i aktivitet, seier Håkon.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!