Ynskjer seg ringeriksbane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ynskjer seg ringe- riksbane

Jernbaneverket ventar eigentleg med å seie noko om Ringeriksbane fordi det foregår utgreiing om høgfartsbanar i Norge. Denne skal som kjent vera ferdig i februar neste år.

Men i ein fersk rapport peikar etaten på behovet for dobbeltspor til Hønefoss med tanke på bytrafikken på Autslandet.

Det betyr at etaten vil ha Ringeriksbane sjølv når ein ser bort frå resten av Bergensbanen.

For ei veke sidan skreiv Hallingdølen om Statens Vegvesen si «ønskeliste» i samband med oppstarten av Nasjonal Transportplan (NTP) 2014-2023. Det kosta 400-500 millionar å oppfylle denne.

Jernbaneverket har ikkje ei like detaljert ønskeliste.

Men denne etaten har òg laga ein rapport som hieter «En jernbane for framtiden».

Etaten slår i denen fast at det vil koste 250-350 milliardar å bygge ut jernbanen til høg standard.

«Alle» ynskjer seg Ringeriksbane, ein bane direkte mellom Oslo og Hønefoss. Som kjent vil denne redusere reisetida på Bergensbanen med om lag ein time.

Rapporten til Jernbaneverket viser altså til høgfartsutgreiinga som pågår no, og fyrst vil vera ferdig om eit snaut år. Difor seier dei ingenting om Ringeriksbane eller ikkje med tanke på Bergensbanen.

Men etaten peikar altså på at høg standard i togtilbodet på Austlandet inneber dobbeltspor frå Oslo til både Kongsberg, Kongsvinger, Gjøvik og Hønefoss.

Både utgreiingane om høgfartsbane og noko som heiter konseptvalgsutredning for Intercityområdet er ein del av arbeidet med NTP 2014-2023.

Det er altså fyrst når desse ligg føre at ein ser om Ringeriksbanen endeleg kjem eit skritt nermare å bli bygd.

Er det på tide å korta ned på tida det tek med tog mellom Oslo og Bergen?