Mista kompis – arbeider for trygg veg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er nytt at me har med elevar frå elevrådet på skulane, fortel SLT-koordinator i Fitjar kommune, Ellinor Austad Bergesen.

– Elevane er med i ei arbeidsgruppe for trafikksikringsdagen, der dei legg inn sine eigne føringar for kva dei tykkjer er viktig. Me må lytta til ungdomen, strekar Austad Bergesen under.

Elevane sjølv tykkjer dette er interessant og er positive til samarbeidet. Det er jo tross alt dei dette gjeld.
 
– Sterkt
– I fjor mista eg sjølv ein kompis, så det er jo ei ganske sterk sak dette her. At me får sett opp ein trafikksikringsdag her på Fitjar er veldig bra for ungdomen og dei andre som ferdast i trafikken, seier Sindre Johansen (18), som går på Fitjar vidaregåande skule.

– Fleire av oss er 16 år og køyrer moped, så ein tek nok lærdom uansett om ein køyrer bil eller ikkje. Eg veit ikkje om ulukkene vert færre grunna dette, men det er ein mogleik for det og så er jo det viktig at me har kommunikasjon med vegvesen og politi. Og redningsselskapet, det er jo veldig mangen båtar her, held Jeanine Taraldsen (15) fram. Ho er elevrådsrepresentant på Rimbareid skule.

LES OGSÅ: Innblikk i alvorleg tema

– Med tanke på festivalar, båtliv og alkohol så er det jo viktig at ein også får informasjon om tryggleik på sjøen, meiner Sindre Johansen som synest det er bra at også Fitjar, og ikkje berre Stord, har sin eigen dag med fokus på trafikktryggleik.
 
Russefeiring
Trafikksikringsdagen er for 300 elevar frå både ungdomsskulen og den vidaregåande skulen i Fitjar og vert arrangert i området Fitjar Kultur- og Idrettsbygg 28.april. At dagen fell såpass nære russefeiringa, er ikkje tilfeldig.

– Me vil ha det så tett innpå russeavsparket som mogleg, me vil jo ha alle heim att igjen etterpå, sluttar SLT-koordinator Ellinor Austad Bergesen.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!