Alt på Stellan

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mannen som blir rekna som ein av Skandinavias fremste skodespelarar treng ingen introduksjon. Med pilsen i handa fortel han om tida då han gjekk frå diplomatdraumen til å fokusera heilt på skodespelarkarriera.

– Livet mitt endra seg eigenleg ikkje noko særleg, men det vart meir knulling!

Samstundes som talet på sexpartnarar auka, vart Stellan eit kjent andlet over heile Sverige, noko som òg tydde eit betydeleg auka mengd rolletilbod. Dryge 40 år seinare meiner han likevel at han ikkje har teke noko yrkesval enno.

– Eg trivst veldig godt som skodespelar. Det trur eg alle må gjere dersom dei skal jobbe med det same over lenger tid. Det handlar berre om å vere kreativ.

Rebelsk attitude
Orda fossar ut når han vidare svarar på spørsmål om korleis han hamna i Amerika.

– Eg var lei av konservative teateroppsetjingar, og bestemte meg for å slutte med skodespel. Så kom eg i kontakt med ein agent. Ho meinte eg måtte bli flinkare til å promotere meg sjølv, men eg ville jo ikkje eingong sende ut eit bilete.

Skarsgård smiler, og etter blikket å dømma virka det som at han er litt stolt av dei rebelske haldningane han hadde som ung. I 1990 fekk han likevel den første rolla si i ein Hollywood-produksjon.

– Eg skulle vera med i eit par scener i filmen The Hunt For Red October. Aldri før hadde eg vorte så godt betalt for så lite arbeid.

Han skildrar mentaliteten til dei amerikanske filmskaparane som hårreisande, og imiterer på perfekt engelsk.

– We need that guy! He's perfect for this part!

Stellan ristar på hovud.

– Dei kunne plukka opp ein kven-som-helst frå gata som kunne gjort den rolla.

Veteranen Skarsgård
Etter den tida har Stellan vore med i titalls Hollywood-produksjonar, men svensken har likevel vendt tilbake til Skandinavia for å laga film.

– I Europa har regissøren mykje større fridom, noko som gjev eit mykje meir subjektivt synspunkt.

Han fortel at dei store pengane som regjerer i Hollywood ofte involverer ein heftig kommersialisering av produktet. Eksempelvis ved at produsentane innskriv element av ein sjanger som er i vinden.

Etter lang tid i bransjen er regissørar òg noko Stellan har ei bestemt meining om.

– Filmskaparar er som regel veldig rare menneske. Store born som enno leikar med legoklossar.

Han meiner at nokre filmskaparar ikkje greier å frigjere seg frå si eiga fantasiverd og dermed gløymer å gjere menneska framfor kamera levande.

– Når ein som skodespelar automatiserer ei rørsle endar ein opp som ei maskin, ikkje som eit menneske.

Tenkjepause
To av dei seinaste rollane til Skarsgård omfavner superheltfenomenet. I filmane The Avenger og Thor spelar han professor Erik Selvig.

– Grunnen til at eg vart med i Thor var at Kenneth Brannagh skulle regissera. Manuset i seg sjølv var ganske middelmådig.

Han fortel noko skuffa at karakteren hans i filmen ikkje er eigar av nokre superkrefter.

– Dersom du faktisk kunne vore ein superhelt, kva for superkrefter kunne du tenkt deg?

Stellan, som har svart kjapt og lenge på alle spørsmåla, blir brått stille og lukkar auga for å tenkja. Etter dryge fem sekund opnar han dei igjen.

– Evna til å kunne forstå menneske, seier han alvorleg.

LES SAKA I UNDER DUKSEN!