– Slepp prinsessa fri

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Humanistisk Ungdom meiner at det er på tide å oppdatera Grunnlova.

– Noreg er eit av dei beste land i verda å bu i, og menneskerettane har ein høg status. Likevel krev Grunnlova at H.M. Kongen vedkjenner seg til den offentlege statsreligionen, den evangelisk-lutherske kyrkja. Mangel på endringar i ei oppdatert grunnlov avgrensar trus- og livssynsfridomen til H.K.H. Kronprins Haakon og H.K.H. Prinsesse Ingrid Alexandra, heiter det i ein uttale frå dei.

Nyvalt leiar
Helene Kleppestø blei valt til ny leiar for Humanistisk Ungdom. Til sommaren tek ho over etter Dan-Raoul Husebø Miranda. Han vil trappa ned, men held fram som sentralstyremedlem.

ARE KALVØ: Sag ei prinsesse i to

I tillegg vil Kristoffer Jonson (21) frå Haugesund og Espen Urkegjerde (20) frå Bryne vera med i sentralstyret.