Solheim på lag med Fantomet

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solheim på lag med Fantomet

Når Erik Solheim i dag legg fram ei stortingsmelding om miljø og utvikling får han hjelp frå teikneseriehelten Fantomet. Til stortingsmeldinga følgjer ein teikneserie teikna av Knut Westad, ein av to norske autoriserte Fantomet-teiknarar.

Solheim innrømmer at det kan vere godt å ha med ein superhelt i kampen for ei betre verd.

– Vi må vere ærlige. Ikkje alle har stortingsmeldingar liggande på nattbordet. Og svært få les dei frå perm til perm. Derfor satsar vi no på ein teikneserie for å bli høyrt av fleire, seier Solheim i ei pressemelding.

Tøffingar tør

Teikneseriehelten Fantomet har eksistert i 76 år, og er kjent for å kjempe for det gode. Samtidig er han modig og tøff, og som jungelordet seier: hard mot dei harde. Det ynskjer også Solheim å vere.

– Eg vil veldig gjerne likne på han. Ein må vere tøff for å utrette noko her i verda. Den som ikkje tør får heller ikkje til noko, meiner Solheim.

Han håpar at den nye stortingsmeldinga og teikneserien får fleire til å forstå at ein må sjå miljø og utvikling i samanheng. For det er til det beste for både fattige og rike å tenke på miljøet – også når ein skal bli rikare, understrekar miljø- og utviklingsministeren.

– Det har lenge vore ei allmenn oppfatning at fattige folk og land må øydelegge miljøet fordi dei er fattige. Det stemmer ikkje, seier Solheim og peikar på Brasil som eit godt døme.

– På sju år har dei redusert avskoginga av Amazonas med 70 prosent. Før fjerna dei område tilsvarande Hedmark fylke kvart år. No tek dei berre Vestfold. Det er det stor forskjell på. I same periode har dei fått fleire titals millionar menneske ut av fattigdommen. Her handlar det om å tenke annleis, seier Solheim.


Les heile teikneserien om Fantomet og Solheim her.