Innblikk i alvorleg tema

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomsklubbane i Kviteseid, Fyresdal og Tokke inviterte i helga til rusfritt dataparty i samarbeid ned Vest-Telemark næringsutvikling og andre lokale aktørar.

Ungdomane tok med seg eigne PCar og kopla dei til nettverket, slik at dei kunne dele filer, spele spel, surfe på internett og snakke med kvarandre både dag og natt på Zululan-datapartyet.

Bra det skjer noko
19 personar har arbeidd tett med planlegginga av Zululan i Kviteseid sidan september. I helga talte staben 30 personar, mange av desse ungdom. Blant desse var fyresdølane Ingar Gjersund, Kai Tore Kåsa, Jon Erikstad og Arvid Libjå.

– Det er bra at det skjer noko, er kvartetten samstemde i.

I tillegg til å ha vore med i planlegginga, deltok dei også sjølve på Zululan.

LES OGSÅ: – Menn bør ikkje få lappen før dei er 23 år

– Her er det ulike eventar, spel og konkurransar, men me har også rukke å sove litt, seier dei når VTB vitjar fleirbrukshallen litt ut på laurdagen.

Dei brukar mykje tid på data, mellom tri og fem timar dagleg etter skuletid blir nytta framfor dataskjermen.

Ambassadørar
Bygdelivsmeklar Elisabeth Lid er glad for å ha med ungdomen på laget.

– Me er heilt avhengige av å ha med ungdomane i planlegginga. Me vaksne har ikkje peiling på kva spel eller konkurransar som er populære, seier Lid.

Det var eit tettpakka program i helga med konkurransar i ulike dataspel, i tillegg til andre konkurransar som guitar hero, singstar, sumobryting, wii og dans fram til sundag føremiddag.

Lid er opptatt av at datasamlinga må vere regional, og til helgas treff kom det ungdomar frå alle kommunane i Vest-Telemark, i tillegg til frå Åmli, Lunde, Ulefoss og Bø.

– Dette er den største samlinga til no, seier Lid om det tredje Zululan, og legg til at dei hadde hatt plass til endå fleire.

Ho er opptatt av at ungdomane i Vest-Telemark skal ha gode tilbod, og seier det er viktig i rekrutteringsarbeidet for å få folk til regionen.

– Om ikkje ungdomane sjølve flyttar tilbake, kan dei kanskje freiste andre til å flytte til Vest-Telemark. Ungdomane er dei beste ambassadørane for regionen. Det hjelper ikkje kor mykje eg som bygdelivsmeklar står å skryter av regionen på eit treff i Oslo om ikkje ungdomane er fornøgde med korleis dei hadde det i oppveksten i Vest-Telemark. Det er alfa og omega med gode opplevingar og gode minne, seier Lid.

– Det kan skje deg
Alt handla ikkje om data og konkurransar for ungdomane som deltok i det tredje Zululan i Kviteseid i helga. Laurdag var det sett av nokre timar til eit viktig tema; trafikktryggleik.

Arrangementet var eit samarbeid mellom Zululan, Norsk luftambulanse, Brødrene London og naudetatane.

Utanfor Sundvang fekk ungdomane sjå kva som skjer ved ein frontkollisjon i 80 kilometer i timen. Ein bil blei heisa kring 30 meter opp i lufta, før han blei sleppt i bakken.

LES OGSÅ: Her får russen gratis buss og tog

Jan Einar Andersen frå Norsk luftambulanse bad dei unge tenkje seg om.

– Dette skjer alle, sa Andersen til lyttande ungdom.

Etter bilsleppet, blei naudetatane ringt etter, og tilskodarane fekk sjå korleis ein redningsaksjon føregår, og korleis ambulansepersonell, politi og brannvesen saman arbeider for å redde liv.

Thomas London frå bedrifta Brødrene London viste til den dystre ulykkesstatistikken i Telemark, og sa at alle har eit ansvar.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!