Sunniva (18) opplever trafikken som kaotisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sunniva opplever trafikken som kaotisk

Du er litt seint ute. Kanskje er det litt is på bilen og du blir ståande og skrapa nokre minuttar.

Du kjenner at stresset kjem sigande, og du skundar deg inn i bilen for å køyra av stad.
Annakvart minutt stirar du på klokka, og du veit at no kjem du for seint til jobb.
Du tenkjer at i dag kan eg strekkja grensa litt, og du trykkjer ekstra hardt på gasspedallen. Du er trøytt. Altfor trøytt, og det svir i augo.
Det susar bilar forbi deg. Bilar med menneske i. Menneske som har eit liv å leva.
Du susar bortover, og rekk akkurat jobben i tide.

 
Dagens trafikk er eit tema som er mykje diskutert i samfunnet. Og ei som vil at ungdommen på Stord skal få augo opp for kor viktig dette er, er 18 år gamle Sunniva Kartveit Losnegård.

Med det skremmande talet i bakhovudet, at på fire år, har det vore over 62 dødsulukker berre i Hordaland, så er det viktig og tenkja på kor viktig det er å vera merksam i trafikken og følgja reglane.

LES OGSÅ: Femtilappar kan redda liv

– Du kan tenkja at du har full kontroll, men så har du ikkje det. Ein kan ikkje tru at ein kan halda på som ein vil. Dessverre er det ofte ei dødsulukke eller ein farleg ulukke som skal til for å få personar til å skjøna alvoret med å køyra trygt i trafikken, uttalar Sunniva.

Jenta frå Stord opplever at trafikken på Stord ikkje er så veldig innbydande for ein som nett har fått lappen. Folk held ikkje vikeplikta si, køyrer både under og over fartsgrensa, og gløymer å bruka blinklyset. Då kan ein lura, kvifor er det vits for oss unge å læra og køyra bil, læra og følgja alle desse reglane, når me ser at mange i trafikken ikkje held dei sjølv?

Skal ta lappen
Det er mange ungdommar på Stord som held på å ta lappen i desse tider. Sunniva er ei av desse.

– Det er mange vaksne i trafikken som ikkje kan, eller held seg til reglane, og det er ganske skremmande, seier Losnegård.

– Det er nok mange som er ute og køyrer som opplever at ganske mange ikkje tek omsyn i trafikken, og rett og slett ikkje tenkjer på alvoret. Kor viktig det er å køyra forsiktig. Det skal berre eit lite sekund til, og så går det gale. Eit lite sekund, der du ser ned på telefonen, eller der du ikkje er merksam. Kan du forestilla deg korleis det er å vita at du har skada ein person på grunn av noko slikt? Eller korleis det er å mista nokon? Det er alvorleg.

– Kva kan me gjera betre?

– Noko som kan hjelpa er å få strengare straffar, og høgare bøter, og kanskje gå rundt på skulane og fortella kor viktig det er at ein har den rette innstillinga heilt ifrå ein får lappen, at uansett omstende, så må ein leggja vekt på å køyra forsiktig. Spesielt dei som nett har fått lappen har ein tendens til å villa vera ute på vegane og «tøffa» seg for venene sine. Men det må vera slik at alle ser dette alvoret, så me ikkje får fleire dødsulukker, seier Sunniva.

LES OGSÅ: – Menn bør ikkje få lappen før dei er 23

Håpar på forbetring

Losnegård held sjølv på og ta lappen no, og håpar på at trafikken på Stord kan bli betre, ikkje berre for hennar eigen del, når ho skal ut og køyra, men for alle andre ungdommar som gjerne vil køyra trygt på vegane.

– Det er trass alt så mange menneske som køyrer bil, at me må alle halda oss til reglane, og vera oppmerksame slik at ikkje fleire menneskeliv må gå tapt, at ikkje fleire liv må bli øydelagde, framhevar ho.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!