Vegen, sanninga og livet

Anita Svendheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg har alltid vore oppteken av å finne svar. Då meiner eg ikkje svaret på matteoppgåva eg fekk tildelt i førre time eller det siste rette svaret eg treng for å vinne over familien i geni.

Med svar meiner eg heller ikkje svaret på kva som skjer etter døden eller svaret på om det finnast nokon gud. Eg har lyst til å finne svar på det som er viktig for meg her og nå. Korleis skal eg vite kva veg eg skal velja? Kva liv vil eg vera lukkeleg med?

På skulen har me i hovudsak tre fag som har vore med på å gi meg svar på desse spørsmåla: religion, biologi og samfunnsfag. Med to månadar igjen på den vidaregåande skulen, førelesningar om genetikk opp etter øyra, innleveringar i religion fleire gonger i halvåret og lita tid igjen før eg for første gong skal stemma ved kommuneval føler eg nå at det nesten blir gitt for mange svar på spørsmåla mina.

Evolusjonsteori og kunnskapsløfte
Eg har alltid visst at kunnskap er viktig, men i dei seinare åra har eg undra meg meir og meir over kva type kunnskap som er viktig. Eg nektar å tru at det finnast ungdom som aldri har spurd seg sjølv kvifor ein skal læra seg metodar for å finne tangenten til ulike grafar eller kvifor ein skal vite nøyaktig kva type atombombe som blei brukt i Hiroshima. På skulen blir det ofte lagt opp til at ein skal vite alt om det meste, noko som fører til at mange elevar druknar mellom Caplex og Word-dokumentet sitt. Må ein verkeleg vite kva årstal Columbus døydde for å bli noko her i livet?

Jesus sa sjølv at han var ”vegen, sanninga og livet”, og dersom han er sanninga vil eg tru at han også hadde svaret på dei aller fleste spørsmåla. Eg har leita i Bibelen etter svar på kva kunnskap som er viktig, men eg føler ofte at svara hans dett vekk bak historier om brød som blei delt og vin som blei laga av vatn. Eg klarar ikkje å finne noko skikkeleg svar på spørsmålet mitt bortsett frå at all den kunnskap som strid i mot hans eller Gud sitt ord er feil.

SV'aren Aksel Hagen skriv på bloggen sin at ”Kunnskap er mote. Alle politiske partier kappes om å si at kunnskap er viktig.” Sjølv kunne eg ikkje vore meir einig. Det verkar som om alle partia har ei oppfatning av kva som er viktig, og ein av desse viktige tinga er utan unntak kunnskap og skulering. Likevel blir eg av og til i tvil om dette er noko dei seier berre for å få folket si stemme. Eg veit i alle fall at eg ikkje blir noko meir kunnskapsrik av å få tredd eit kunnskapsløfte over hovudet kvart fjerde år.

Genetikken er eit resultat av menneske som ynskjer svar på spørsmåla sine. Utan denne ville me ikkje hatt kunnskap om evolusjonen eller visst korleis eit kromosom ser ut. Likevel er eg igjen tilbake til spørsmålet mitt om kva kunnskap som er viktig. Gjer det noko nytte for seg at ein kan finne ut om born er disponible for arvelege sjukdommar allereie før dei er fødde? Blir me meir lukkelege av å klone husdyra våre?

Trua på framgang
Eg har alltid vore av den oppfatninga at det er viktig å ha ei tru. For meg er tru både det å ha noko å sjå fram til og å ha noko å støtte seg til i motgang. Likevel klarar eg aldri heilt å svare skikkeleg dersom eg får spørsmål om kva det er eg trur på.

Som utvekslingsstudent fekk eg erfara kor viktig religion er på nært haldt. Eg var omkrinsa av kristne, katolikkar og mormonarar som levde for, med og av religionen sin. På ein måte eg aldri kunne ha erfart i Noreg fekk eg sjå korleis religionen prega eit menneske sitt liv på både godt og vondt. Dei var ein del av eit fellesskap der alle passa på kvarandre på tvers av aldersgrenser og sosial klasse, dei såg alltid det positive i ting og dei blei gjennom heile livet minna på at dei måtte vera gode menneske. Samstundes såg eg også kor blind og fordomsfull religionen kunne gjere deg.

Teologen Hans van der Ven leia forskingsprogrammet ”Human Rights and Religion”. Han sa i ei uttaling at personleg tru ikkje var viktig, men at klimaet i dei religiøse kyrkjelydane var det som påverka haldningane til menneskerettane. Skal ein då ha trua på politikken i staden for religionen? Kanskje er det gjennom demokrati og gode leiarar at ein skapar ei god verd? Likevel veit eg at politikken ikkje har skapt ei betre verd for amerikanarane som framleis går og ventar på helseforsikring.

Då me oppdaga gena fekk menneske verkeleg trua på vitskapen. Plutseleg kunne alt frå homofili til edderkoppskrekk forklarast utifrå samansetninga av basepar i DNA'et. Dette har ført til at trua på vitskapen har blitt det same som trua på at me ein dag ikkje treng noko tru fordi alt vil ha si forklaring. Er det verkeleg desse svara ein ynskjer? Vil ikkje trua gje oss svar som vitskapen og fakta ikkje kan?

Fargestifter og Kardemommelova
Utan den gylne regel hadde ikkje samfunnet fungert. Allereie i barnehagen lærar ein at det ikkje er greitt å ta ein annan unge sine fargestifter sjølv om ein har veldig lyst på dei sjølv. Ein blir introdusert for Kardemomme by og at ein ”ikkje skal plage andre, men vera grei og snill”. Slik held det fram gjennom heile livet – ein skal aldri bevisst påføra andre smerte. Likevel undrast eg på kva måte ein best praktiserar denne gylne regelen.

Alle religionar har ein form for gyllen regel. I tredje Mosebok står det at ”Du skal elska din neste som deg sjølv.” I Koranen står det at ein ikkje skal handla urettferdig dersom ein ikkje vil bli behandla urettferdig. Eit hinduistisk sitat lyd: ”Dette er plikta sin sum: Gjer aldri mot andre noko som ville føre til smerte dersom det blei gjort mot deg.” Likevel trur eg ikkje at desse tankane er noko som går til grunne på grunn av trua på ein guddom. Å vera medmenneskeleg kan umogleg vera noko som berre er eit resultat av at ein gud krev det av deg.

Tove H. Larsen definerte politikk som ”det å hjelpe”. Politikk er alt frå bensinprisar til trygdeordningar. Når politikarar går opp på talarstolen og seier at dei ynskjer fleire eldrebustader er dette oftast med tanke på landet sitt beste. Eg seier ikkje at eg meiner politikken er perfekt – eg forstår veldig lite av det sjølv og mange gonger føler eg at politikk berre er tomme ord og vanskelege omgrep. Tass i dette kan eg ikkje få meg sjølv til å tru noko anna enn at dei som er aktive i politikken gjer dette på grunn av deira sterke ynskje om å gjera verda til ein betre stad.

Dess meir me veit om DNA-replikasjon og proteinsyntesa, dess fleire plager kan ein hjelpe menneska med. I dag kan ein produsere insulin for diabetikarar og me kan førebyggje ulike arvelege sjukdommar allereie frå fødselen. Dette er med på å forbetre mange menneske sin livskvalitet. I dag er likevel genteknologien komen så langt at me er i ferd med å gå over ei rekke etiske grenser, som mellom anna moglegheita for å klone menneske. Då handlar det ikkje lenger om å skape metodar for å hjelpe andre. Viss dette blir eit faktum er menneska blitt så opphengt i vitskapleg utvikling at det ikkje lenger spelar noko rolle kva pris ein må betale for det.

Tre sider av same sak
Eg veit ikkje kva kunnskap som er den rette kunnskapen. Eg veit ikkje kva eg trur på. Eg veit ikkje om eg utøver den gylne regelen på rett måte. Eg veit ikkje om eg praktiserer ein religion. Eg veit ikkje om eg kjem til å stemme på rett parti. Eg veit ikkje om eg ynskjer alle svara genetikken kan gje oss.  Likevel vel eg å tru at genetikk, politikk og religion har i botn og grunn det same målet – å gjere det best mogleg for oss menneske å leve saman på denne jorda. Då Jesus sa at han var ”vegen, sanninga og livet” trur eg dette var rett for mange av dei kristne menneske som levde i århundre etter hans tid. I dag er eg av den oppfatning at politikken er vegen, genetikken er sanninga og religionen er livet. Det er tre sider av same sak. For meg spelar det inga rolle kva me kallar kampen for det gode så lenge han eksisterer.

Publisert første gong på Magasinett.no