Rekord i attvinning

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grønt Punkt Norge rapporterer til Klima- og forureiningsdirektoratet at 2010 blei eit rekordår for attvinning.

– Godt etablert
Av all plastemballasje på det norske marknaden blei 39,2 prosent attvunne til nye plastprodukt. Også når det gjeld mjølk- og juicekartongar har gode vanar sett seg hos folk. Her blei 53,4 prosent samla inn og attvunne til nye papirprodukt.

– Det er ei stor glede å konstatera at gode kjeldesorteringsvanar er godt etablert hos folk, seier administrerande direktør Jaana Røine i Grønt Punkt Norge, som driftar returordningane for plastemballasje, drikke- og emballasjekartong.

Til Tyskland og Sverige
Kjeldesortert plastemballasje frå norske hushaldningar vert sendt til Tyskland. For kvar kilo plast som vert attvunne, sparer me 2 kilo råolje. 90 prosent av transportdistansane går med tog, noko som ytterlegare forsterkar miljønytten, melder Grønt Punkt Norge.

Usorterte drikkekartongar frå norske hushaldningar går framleis til Norrköping i Sverige. Her blir dei til ny kartong. Som plastemballasjen går mykje av transporten med tog, mellom er det ofte nytta tomme containerar som har frakta IKEA-produkt frå Sverige til Noreg.

Også emballasjekartong som cornflakes- og pizzaøskjer, der 46,4 prosent av kartongane no vert attvunne, har hatt ein oppgang på 3 prosentpoeng i 2010. Målet til styresmaktene på 50 prosent materialattvinning er absolutt innan rekkjevidde, heiter det i ei pressemelding frå Grønt Punkt Norge.

Korleis meiner du me kan bli endå betre på attvinning i Noreg?