Spøk for folk flest

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av og til må også vi som lever av spøking senke oss ned på nivået til vanlige folk. Ikkje for ofte, naturligvis. Men av og til. Ein gong i året, for eksempel. Det er naturlig å bruke 1. april til slikt. Dette er dagen då allslags folk plutselig skal vere spøkefuglar og tøysekoppar. Eg prøver kvart år å lure folk denne dagen. Det går like dårlig kvar gong. Her er noko av det eg prøvde i år:

Eg la ut denne meldinga på Twitter: Gleder meg skikkelig til Venstre-landsmøtet i helga. Ingen gjekk på den.

Eg sa over høgtalaranlegget på Oslo S: Alle tog er i rute. Ingen gjekk på den heller.

Eg sa over høgtalaranlegget på Oslo S at samferdselsministeren stod på plattform fire for å svare på spørsmål. Så la eg til at ho var open for å bli piska om nokon følte at det var på sin plass. Alle gjekk på den. Og forbausande mange pendlarar hadde med pisk.

Eg tok på meg eit slapt lausskjegg og ei dårlig fløyelsbukse, gjekk inn på ein restaurant, sa at eg var Erik Fosnes Hansen og spurde om eg kunne få ein gratis trerettar. Eg blei kasta ut før eg rakk å avsløre at det var ein aprilspøk. Så gjekk eg inn på ein bokhandel i det same antrekket og med det same lausskjegget, sa at eg var Erik Fosnes Hansen og spurde om eg kunne få lese høgt frå «Løvekvinnen». Det var av ein eller annan grunn heilt i orden. Merkelig.

Eg spaserte inn i redaksjonslokala til Dagbladet og sa: Eg veit kven som er Anonym! Det blei heilt stille. All aktivitet stoppa. Alle såg på meg. Så ropte eg «Aprilsnarr!» Det syntest dei ikkje var morsomt i det heile tatt.

Eg tok eit bilde av eit lite høl i vegen utanfor heimen min, la bildet ut på nettet og skreiv at opposisjonen på Stortinget etter dette går inn for å henge samferdselsministeren. Ingen avslørte spøken. Men forslaget fekk mykje støtte.

Eg lata som om eg var Jens Stoltenberg, ringde til Kristin Halvorsen og Liv Signe Navarsete og ba dei legge ned desse tøysepartia sine. Litt overraskande gjekk begge med på dette så lenge dei fekk halde fram i regjering. Eg hadde ikkje hjarte til å avsløre at det var ein spøk.

Eg ringde rundt til dei største avisene i Norge og snakka ein heilt avsindig dialekt eg fann opp sjølv. Eg sa at eg var Geir Mo, at eg hadde bestemt meg for å avbryte ferien og fortelje alt om kva som eigentlig skjer i Frp. Alle gjekk på den. Men det visste eg jo på førehand. Så det var eigentlig ikkje så morsomt.

Eg ringde rundt til redaktørane i dei største avisene i Norge og sa at Ari Behn, Märtha Louise og Jan Thomas er leigd inn av Frp for å gi krisehjelp. Ari Behn skal hypnotisere Siv Jensen medan Per Heimly tek bilde av han. Märtha Louise skal skaffe englar til å vere dørvakter på alle framtidige arrangement i regi av Frp-ungdommen. Og Jan Thomas skal ta sveisen på Geir Mo. Åtte av ti redaktørar svarte: Vi forstår jo at dette er ein aprilspøk, men vi skriv nok om det likevel. Seks av ti la til: Forresten er det eg som er Anonym.

Eg sendte ei melding med Frp-logo til landets redaktørar. Der stod det at Siv Jensen ikkje kjem til å snakke offentlig på nokre månader fordi ho har mista stemma, og at det er media sin feil at dette har skjedd. Alle redaktørane gjekk på denne. Alle tilbakeviste kritikken. Alle sa at det er typisk Siv Jensen å skulde på media. Mange sa at dei ikkje kunne hugse å ha gjort noko feil nokon gong, unntatt kanskje ein uheldig kommentar på ungdomsskulen. Og eit par-tre redaktørar la til: Forresten er det eg som er Anonym.

Eg ringde rundt til dei største avisene i Norge og snakka ein heilt avsindig dialekt eg fann opp sjølv. Eg sa at eg var Anne Holt og at det berre var tull då eg sa at det berre var tull at det var eg som var Anonym. Det er eg som er Anonym, sa eg på dialekten eg hadde funne opp. Ingen gjekk på. Unntatt Dagbladet, naturligvis, men dei tel jo ikkje.

Eg sendte ut ei pressemelding med Frp-logo der det stod at Geir Mo og Siv Jensen har bestemt seg for å gå av. Begge ønsker seg roligare liv og vil derfor satse på karrierar som restaurantanmeldarar og pressetalspersonar i Jernbaneveret.

Neste år kjem det ingen aprilspøkar frå meg. Neste år reiser eg vekk på dagen. For å skrive den femte Anonym-boka.

Denne artikkelen stod først på trykk i Aftenposten 2. april.

Fekk du med deg aprilspøken til Framtida.no? Sjå han her!