Får hoppetau etter besøk av Barneombodet
Barneombodet på besøk i Sjårdalen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Får hoppetau etter besøk av Barne- ombodet
Sidan barneombod Reidar Hjermann likevel skulle til Vågå, stakk han likeså godt innom ungar og vaksne ved Sjårdalen oppvekstsenter tysdag for å sjå og høyre korleis dei hadde det. Med seg hadde han mellom andre ordførar Rune Øygard.
Dette var fyrste gongen at nåverande barneombod Reidar Hjermann gjestar Nord-Gudbrandsdalen, og det er fyrste gong i historia at Vågå kommune har besøk av eit barneombod i det heile teke.
Etter å ha helsa på ungane som leika seg ute, gjekk turen inn til 3. og 4. klasse. Der sat ein gjeng med forventningsfulle ungar og venta spent på besøket. Elevane var ikkje blyge etter å ha vorte kjend med barneombodet, og etter å ha fått greie på kva han arbeider med.
– Oppgåva og jobben min er å passe på at alle dykk har det bra, sa ombodet.
Dermed var dialogen i gang mellom elevane og ombodet. Det dukka opp det eine spørsmålet etter det andre, og Hjermann fekk mykje han måtte svare på, og samstundes hadde han mykje informasjon å kome med til dei engasjerte ungane. Han fortalde også elevane kor viktig det er å seie ifrå til vaksne dersom det er noko ein ikkje er tilfreds med, eller viss ein ser at andre ikkje har det bra.
Hjermann hadde ein god dialog med dei to klassane og han oppmoda dei på slutten av stunda om å hendvende seg til ordføraren bakarst i klasserommet dersom det var noko dei skulle ynskje var annleis i Vågå, eller om dei hadde noko dei ville skryte av.
– Vi har for lite hoppetau på skulen! kom det frå ein av elevane.
Dei aller fleste var einige i akkurat det – og vips så var søknaden innvilga på ståande fot.
– Klart dykk må ha nok hoppetau! Da kjøper vi det! svara ordføraren umiddelbart.
Barneombodsmøtet i Sjårdalen såg ut til å vere ein suksess, og Reidar Hjermann var takksam for at han fekk kome til oppvekstsenteret og helse på, og for å sjå til at dei hadde det bra.
– Ha det bra, Reidar! let det i kor frå klasserommet da ombodet og dei andre gjekk ut døra.