Sparar millionar på sykkelsatsing

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sparar 270 millionar på sykkel- satsing

Auken i sykkelbruk i Sandefjord og Larvik frå 2006 til 2010 har gjeve ein helsevinst rekna til over 100 millionar kroner for kvar av byane. I mindre byar som Notodden og Mandal er helsevinsten av auka sykkelbruk i same periode rekna til mellom 30 og 40 millionar kroner.

Verdsetjinga som Transportøkonomisk Institutt har utført er her basert på ei tidlegare kartlegging av endra sykkelbruk i sykkelbyane Kongsberg, Sandefjord, Notodden, Grimstad, Mandal, saman med kontrollbyen Larvik. Kartlegginga viste ein auke i talet på personkilometer med sykkel per innbyggjar frå 2006 til 2010 som varierte frå cirka 70 prosent til over 300 prosent. Det er forventa nedgang i alvorleg sjukdom og kortvarig sjukefråvere som følgje av auka sykling.

LES OGSÅ: Færre ungdommar syklar

Vel 60 prosent av helsevinsten er forventa å vera utgiftsreduksjon i helsevesenet og trygdesystemet i samband med behandling av alvorlege sjukdomar og reduserte utgifter til korttidssjukefråvere. Dette er reduksjon i det som er kalla ”realøkonomiske kostnader”.

Cirka 40 prosent av vinsten er ei verdsetting av auken i velvere som syklistane får på grunn av den reduserte sjukdomsrisikoen.

Er du nøgd med korleis det er lagt til rette for sykkel der du bur?