Surfemamma til topps

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

VIDEO: Surfe- mamma til topps

– Det var utruleg moro å vinne. Det er jo ei ære i seg sjølv å bli nominert. Mange av dei eg ser opp til stod på lista, seier Sindre Thoresen Lønnes.

Han går andre året på fotojournalistikk på Høgskolen i Oslo (HiO) og fekk førre veke førstepremien i kategorien Årets video 2010 for videoportrettet av surfemammaen Anne Kari Lerfald, som driv ein surfeheim på Stadlandet heilt åleine.

Kamera på skateboard
Videoen, som er ei eksamensoppgåve frå eit featurekurs, er filma med speglreflekskamera.

– Kvaliteten på video frå eit speglreflekskamera er fullt på høgde med videokamera som ofte kostar 10 gonger meir. Ein har høve til å overføre kjensla av stillfotografi til video ved å blant anna nytte lyssterke objektiv, seier Lønnes.

For å få glidande kameraføringar plasserte han kameraet på eit stativ som igjen sto på eit skateboard.

– Slike kameraføringar kan ein sjølvsagt få ved å kjøpe dyrt utstyr, men eg likar å ta det eg har for handa og lage noko sjølv.

– Godt handverk
«Dette er godt fotografisk handverk. Vi kjem tett på hovudpersonen. Filmen utmerkar seg fotomessig. Han er fint klypt og har god stemning», skreiv juryen i grunngjevinga.

I juryen sit videofotografene Christian Thorkildsen frå Aftenposten, Heidi Røsok-Dahl frå Scanpix og NTB, og Anders Leines frå NRK.

Leiar i klubben til pressefotografane, Terje Bringedal, er nøgt med nivået på konkurransen.

SJÅ ALLE BILETA SOM VANN UTMERKINGAR!

– Mange meiner fotojournalistikken er i ferd med å døy på grunn av manglande engasjemet, men det er mange unge og flinke fotografar som vil ta over når dagens fotojournalistar gir seg, seier Bringedal.

Fotojournalistikkstudentene Kyrre Lia og Hilde Mesics Kleven fekk òg prisar under Årets bilete.

Kyrre Lia fekk 3. plass i kategorien «Sport action». Biletet er teke for Scanpix under ein privatlandskamp mellom Noreg og Frankrike.

Kleven, som òg jobbar i Universitas, fekk 3. plass i kategorien «Dokumentar Noreg» for biletserien «All the same but different». Ho har følgt ein familie med to born der det eine har Downs syndrom over to år.

Sju videoen som vann:

Surfemamma from Sindre TL on Vimeo.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!