Ein ung mann blir skoten til himmels

John Olav Nilsen & Gjengen er månadens artist.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hypen som innfridde
Våren, sommaren, hausten 2009 i Bergen: Det var eitt band folk snakka om heile tida. John Olav Nilsen & Gjengen, eit band med bøllete image den våren; eit band på Øyafestivalen den sommaren; eit band som gav ut det mest roste norske rockealbumet på heile 2000-talet den hausten. John Olav vart den nye rockepoeten, av musikkjournalistane krona til konge mot slutten av året. Han hadde laga det beste albumet på verdsbasis i 2009, sa Dagsavisen.

Historia om bandet startar ikkje så mange år før. I 2007 vart Gjengen danna. John Olav song og skreiv tekster. Einar Vågenes og Lars Eriksen spelte gitar, Andrew Amorim spelte trommer, Daniel Maranon perkusjon. Tim Bjerke (bass) og Alastair Guilfoyle (keyboard/synthesizer) overtok for andre medlemmar som slutta – og her har vi Gjengen slik han er i dag.

John Olav Nilsen er definitivt frontfiguren. Det er han som skriv alle tekstene og melodiane, det er han som slenger vittige eller sentimentale kommentarar under konsertane. Nilsen begynte å skrive songar som 20-åring, då han fekk foten meir eller mindre knust av ein truck og måtte gå på krykker i åtte månader. Han kjøpte seg ein gitar, og begynte å spele.

Bergensbølgje også
I løpet av 2007 og 2008 spelte John Olav Nilsen & Gjengen mange konsertar i Bergen og ein del andre stader i Noreg. Dei fekk raskt rykte som eit bra og intenst live-band – sjølv om kompet var skranglete og vokalen upresis. Den musikalske tradisjonen dei føydde seg inn i, var den etter britiske band med arbeidarklasse-image, som The Clash og The Smiths.

TEMA: Få med deg siste musikk-nytt!

I 2008 vart John Olav Nilsen sin song Diamanter og kirsebær teken med på samleplata Opplett, utgitt av Mikal Telle og Erlend Øye, to viktige initiativtakarar i bergensk musikkliv. Same sommar vann bandet Ukas Urørt på NRK P3. Dei vart seinare også nominerte til Årets Urørt, men vann ikkje. Derimot skreiv dei platekontrakt med VME tidleg i 2009, og var dessutan eit av dei mest omtalte banda under by:Larm i Oslo februar same år.

To album
Debutalbumet For sant til å være godt kom ut i september 2009. Det fekk stor merksemd og sjeldsynt gode, samstemte kritikkar. Nilsen vart sett på som arvtakar til norske Joachim Nielsen, som også skreiv sterke tekster på norsk. Etter ein haust med masse kjærleik frå både kritikarar og publikum var det ikkje veldig overraskande at bandet i februar 2010 vann Spellemannpris for Årets rock. Dei var også nominerte for Årets hit og spelte på showet, noko som seier mykje om korleis ting endra seg i løpet av 2009.

Bandet har heile tida lagt vekt på heimstaden sin, den bergenske drabantbyen Loddefjord. Dei frontar ein slags moderne, norsk arbeidarklassebakgrunn, og omtaler musikken som «gatepop». Journalistar har plassert John Olav i kategorien «rennesteinspoet» – og han var då også på nytt på krykkjer då han kom opp på scena for å ta imot Spellemannpris.

2010 heldt fram som eit godt år. Meir platesal, fleire konsertar – og på større scener. John Olav Nilsen sine tekster vart slike heile Noreg kunne syngje med til, ikkje berre bergensarane. Hausten 2010 gjekk dei i studio for å spele inn nye låtar, og andrealbumet Det nærmeste du kommer vart utgitt i februar 2011.

 

Denne artikkelen stod først på trykk i Norsk Barneblad!