Verdas vakraste?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er fasongen på fossen som gjer at Langfoss i Åkrafjorden kjem på den eksklusive lista over dei ti vakraste fossane i verda. CNN.com skriv at det er den imponerande kombinasjonen av breidde og høgde som gjer Langfoss unik, sjølv om dette ikkje er den største fossen i Noreg.

Den amerikanske kringkastingsgiganten meiner Langfoss også peikar seg ut sidan fossen har kontakt med fjellet heile vegen ned til Åkrafjorden. Dei fleste andre fossar fell i fritt fall.

Også tidlegare har Langfoss vore med i kåringar over dei flottaste fossane i verda, men då i mindre magasin. CNN-kåringa får ein enorm marknadsføringsverdi for reiselivet i Åkrafjorden og resten av regionen.

Les saka i Grannar.no!

Kva synst du er den finaste fossen i verda? Del meiningane dine i kommentarfeltet! Eller send inn bilete her!