Her bruker dei mest på kultur
Sogn og Fjordane bruker mest på kultur av alle fylka i landet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sogn og Fjordane fylkeskommune brukte 534 kroner i kultursektoren per innbyggjar i 2010. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Til samanlikning brukte Buskerud fylkeskommune 204 kroner.
Slik er forbruket i dei andre fylka: Troms (523), Nord-Trøndelag (432), Nordland (372), Oppland (349), Aust-Agder (319), Vestfold (286), Sør-Trøndelag (283), Sør-Trøndelag (279), Vest-Agder (271), Telemark (270), Møre og Romsdal (263), Hordaland (262), Rogaland (229), Østfold (227), Oslo (8), Akershus (1).
Østfold, Telemark og Troms hadde størst vekst i bruken kulturmidlar.
Kraftkommunar på topp
Mellom kommunane er det som vanleg kraftkommunar i toppen når det gjeld driftsutgifter til kultur. Trass i ein nedgang på nær 2000 kroner per innbyggjar, tronar Bykle framleis på toppen med 22390 kroner per innbyggjar. Modalen, Eidfjord, Utsira og Tokke er på plassane under.
Når det gjeld driftsutgifter til aktivitetstilbod for born og unge under 20 år, er det Hol, Utsira, Fyresdal, Bykle, Grong og Oslo som ligg på topp.
Korleis meiner du kultur- og fritidstilbodet er i kommunen din? Tips oss gjerne, anten det er positivt eller negativt, i kommentarfeltet under!