Thale Henden, Rune Slåttelid Grønås og Ingrid Rivenes skipar til dans for reint vatn i ein av verdas fattigaste land.

Brynhild Steine, Avisa Hordaland
Brynhild Steine, Avisa Hordaland

Laurdag 19. mars arrangerer 4H klubbane Lystig, Raggsokken og Dyktig på Voss til dans i Grimshallen på Kyte, der inntektene går til brønnbygging på Sierra Leone.

Ungdommane har fått «Twang Gang» til å spela for dei heilt gratis.

4H i Noreg fyller 75 år i år og i det høvet ynskjer dei å gje ei gåve i staden for å få ei gåve.

Planen er og byggja 44 brønnar som sikrar tilgang på reint vatn.

Dødelegheita er stor i Sierra Leone og store delar av landet manglar reint vatn og til dels liten kunnskap om god hygiene.

Hand of hope
Prosjektet har fått namnet «Hand of hope» og startskotet gjekk sist sommar.

– Inntektene frå dansen og swingkurset går til dette prosjektet og me håpar på landsbasis å få inn 3 millionar kroner, seier Thale Henden i Raggsokken 4H.

– 4H samarbeida med Plan Norge og alle pengane skal vera inne til 4H dagen som er 4. mai, seier Henden.

I tillegg til å sikra reint vatn, vil prosjektet bidra til at folk får kunnskap og gode sanitærforhold og hygiene.

Lokalbefolkninga vil mellom anna få opplæring i konstruksjon og bruk av latriner og andre helsefremjande tiltak.

Swingkurs
Swingkurset skal vera i Ungdomshuset på Vangen, ettermiddag fredag og på førermiddagen laurdag.

Instruktørar er Henden og Rune Slåttelid Grønås.

– Me har gjort dette fleire gonger, men sidan me ikkje er profesjonelle instruktørar, så blir det ikkje så dyrt kurs, seier Henden.

– Me hadde eigentleg tenkt og halda ein stor konsert, men no vert det swingkurs og dans, seier Slåttelid Grønås.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE