– Historisk miljøsiger

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein historisk siger for miljøet, og eit stort nederlag for oljelobbyen, seier Natur og Ungdom-leiar Ola Skaalvik Elvevold.

– Klimaet i verda er spart for svære klimagassutslipp, og eit unikt naturområde og enorm fornybar matressurs er sikra for framtida. No har vi høvet til å setje inn kreftane på fornybare næringar, både i Nord-Noreg og i landet forresten, seier Ola Skaalvik Elvevold.

– Ein modig statsmann
Natur og Ungdom skryt av statsminister Jens Stoltenberg, som har halde ord, og stått i mot eit valdsamt press frå oljeindustrien og kreftar i eige parti.

– Jens Stoltenberg har gjort det han sa han skulle gjere: lytta til fagkunnskapen og teke konsekvensen av han. Det er ein modig statsmann vi ser i dag, og dette forpliktar òg for framtida, siar Elvevold.

Helsar meir kunnskap velkommen
Då den første forvaltningsplanen vart lagt fram i 2006 var det ei utbreidd oppfatning at kunnskapsinnhentinga fram til neste korsveg ville resultera i eit ja til oljeboring. Natur og Ungdom helsar velkommen den vidare kunnskapsinnhentinga gjennom forvaltningsplanregimet, og trur den kan peika fram mot andre vekst i andre næringar enn oljeboring for regionen.

– Meir kunnskap har gjeve oss rett ved kvar einaste korsveg så langt. I denne runden må vi fokusera på fornybare næringar og høva ei oljefri framtid gjev, seier NU-leiaren.

Kritisk til nye felt
Natur og Ungdom er samstundes sterkt kritisk til at regjeringa, ved å opne nye felt i både Norskehavet og Barentshavet, legg opp til økt forureining i fleire år framover.

– Det kan ikkje vera sånn at oljeindustrien må få nye havområde kvar gong ein forvaltningsplan leggjast fram, såg vi kjem til å fortsetje kampen vår mot meir oljeboring langs heile kysten, seier Elvevold